Ranveig Frøiland (A): Hordaland fylke vil få eit kutt på om lag 30% i BU-midlane. Distrikts-landbruket i Hordaland vert "straffa" fordi fylket har ein stor by, Bergen, innan fylkesgrensene. Er det vanleg praksis at reglane for fordeling mellom fylka kan endrast utan at saka har vore på høyring, vil statsråden endra kriteria slik at ikkje Hordaland vert den store taparen ved fordeling av bygdeutviklingsmidlar i åra som kjem, og meiner statsråden at distrikts-kommunane i Hordaland er noka anna enn distriktskommunane i for eksempel Sogn og Fjordane?
Begrunnelse
Hordaland er eit typisk småbruksfylke, og har problem med å hevda seg i konkurranse med dei tunge landbruksfylka. Hordaland treng kanskje meir enn nokon anna fylke medverknad til omstilling og til utvikling av nye næringskombinasjonar. Likevel er Hordaland etter det eg kjenner til det fylket som får størst kutt i tildeling av midlar til utviklingstiltak. "Like" bruk i Hordaland og Sogn og Fjordane vil no få heilt ulike vilkår ved at dei gjennomsnittlege løyvingane pr. bruk i Hordaland berre vil vera om lag halvparten av det som gjeld Sogn og Fjordane. Dette trass i at både brukstype, bruksmønster, topografi og tal på bruk er så godt som likt i dei to fylka. Statsråden har ved fleire høve peika på kor viktig det bynære landbruket er for opinionen sitt syn på landbruket og for byfolks tilgang til kulturlandskap, rekreasjon og gardsbruk i praktisk drift. Omlegginga som statsråden har føreteke kan ikkje forsvarast utfrå dette synspunktet.