Skriftlig spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:384 (1998-99)
Innlevert: 01.09.1999
Sendt: 01.09.1999
Besvart: 09.09.1999 av kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Statsråd Enoksen vil i komande statsbudsjett leggja fram endring i arbeidsgjevaravgifta for 9 kommunar i Hordaland, frå sone 2 til sone 1. Er dette ein direkte konsekvens av avgjerda i EFTA-domstolen 20. mai om omlegging av arbeidsgjevaravgifta, og i tilfelle kan eg be om ein dokumentasjon på kvifor det er akkurat desse 9 kommunane som må endra arbeidsgjevarsone frå 2 til 1?

Begrunnelse

Gjennom media er det komne ulike utsegner om kvifor dette framlegget kjem. Statssekretær Lundteigen seier til Bergens Tidende at ein "- blir nødt til å øke avgiften i de kommunene som er bedre stilt". Kjell Dale, generalssekretær i SP seier i same avis at "å omfordele godene til de som trenger det mest er god senterpartipolitikk. I dette tilfellet rammer omfordelingen de rike kommunene langs kysten, mens de fattige innlandskommunene vil tjene på det". Slike utsegn er uttrykk for eit ønskje om ein annan fordeling kommunar imellom og ikkje av omsyn til kravet frå ESA om omlegging av arbeidsgjevaravgifta, difor ber eg om ei klargjering av dette tilhøvet.

Odd Roger Enoksen (Sp)

Svar

Odd Roger Enoksen: Eg viser til brev av 1. september d.å. For å grunngje regjeringa sitt forslag om at kommunane Fusa, Samnanger, Austevoll, Vaksdal, Osterøy, Meland, Radøy, Lindås og Austrheim i Hordaland skal endre arbeidsgjevarsone frå 2 til 1, vil eg først gjere greie for kva som er lagt til grunn ved revidering av verkeområdet for differensiert arbeidsgjevaravgift.

Verkeområdet for distriktsutviklingstilskot vart omfattande revidert med verknad frå 1. januar 1994. Fleire av kommunane i Hordaland blei då tatt ut av dette virkeområdet. Verkeområdet for nedsett arbeidsgjevaravgift har derimot i mange år vore uendra. Det skuldast mellom anna medlemskapstingingane med EU nokre år tilbake og usemja med EU-kommisjonen og ESA (EFTA sitt overvakings-organ). Noreg har hevda at spørsmålet om differensiert arbeidsgjevaravgift er eit internt skatte- og avgiftsspørsmål som ikkje blir omfatta av EØS-avtalen. EFTA-domstolen stadfesta likevel den 20. mai i år ESA sitt tidlegare vedtak om at ordninga må reknast som statsstøtte etter artikkel 61 i EØS-avtalen. Uansett utfallet av EFTA-dom-stolen sin av-gjerd, var det såleis naudsynt med ei større revisjon av verkeområdet for differensiert arbeids-gjevaravgift frå 1. januar 2000.

Utgangspunktet for revisjonen av verkeområdet for lågare arbeidsgjevaravgift er no EØS-avtalen sitt regelverk som tillet kompensasjon for transportmessigeulemper. Ifølgje regelverket er det berre ekstrakostnadene som følgje av usentral lokalisering og fram til eksportstad som kan kompenserast. Ein kan berre gi støtte til transport innanfor nasjonale grenser og i område med låg folketettleik med avstandsulemper. Nedsett arbeidsgjevaravgift kan reknast som indirekte transportstøtte og skal kompensere for slike meirkostnader i utkantområde.

Den maksimale storleiken til virkeområdet blir etter regelverket bestemt av talet på personer i fylke med ein folketettleik som er lågare enn 12,5 innbyggjarar per km2. Meirkostnader til transport må likevel kunne dokumenterast og godtgjerast på ein best mogleg måte, noko som skjer ut frå ei vurdering av situasjonen i region og/eller kommune. Dette medfører at det i nokre fylke med låg folketettleik vil være område som ligg for nær eksportstad til at dei vil kunne forsvare nedsett arbeidsgjevaravgift. Samstundes vil det være område i fylke med høgare folketettleik som etter vårt syn har så store ulempe at dei likevel bør kunne kvalifisere for lågare arbeidsgjevaravgift.

Regjeringa må ta omsyn til ESA sitt tidlegare vedtak av 2. juli 1998. Her står det mellom anna at "I foreliggende sak har Overvåkingsorganet [ESA] funnet ut at dersom norske myndigheter …. inngir melding om et område som er utpekt til å motta regional transportstøtte, vil hele Finnmark, Troms, Nordland og Sogn og Fjordane samt de deler av Nord-Trøndelag som hører inn under avgiftssone 2-4, kunne anses å være berettiget til regional transportstøtte. Overvåkingsorganet er imidlertid ut fra de opplysninger som hittil er framlagt ikke overbevist om at regional transportstøtte er berettiget for alle kommuner som i dag omfattes av avgiftssone 2 i fylkene Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Hedmark. Dette gjelder særlig de delene av fylkene som ikke i prinsippet utgjør et sammenhengende område med andre kommuner i avgiftssone 2, områder som ligger nær større byer, og områder som av andre grunner ikke synes å ha behov for varig kompensasjon for å sikre den regionale utvikling."

Ein har etter krav frå ESA gjort eigne granskingar av meirkostnadene til transport for eit utval av enkeltverksemder og søkt å rekne ut tilleggskostnadene på transportsida som følgje av usentral lokalisering. Utgreiinga frå 1996 av Transportøkonomisk Institutt omfatta eit representativt utval på 36 verksemder som da var mønsteret i den industrielle verksemda i avgiftssone 2 - 5, valt ut frå eit samla tal på 180 slike verksemder med meir enn 50 tilsette. Studien viste at ekstrakostnadene på transport i dei fleste høva klart går ut over verksemdene sin fordel som følgje av lågare arbeidsgjevaravgift.

Reint geografiske høve, ikkje minst sentralitet eller avstand til større sentra, er lagt stor vekt på ved revisjonen av verkeområdet for nedsett arbeidsgjevaravgift. I St melding nr 31 (1996-97) Om distrikts- og regionalpolitikken, står det at ved fastlegging av det distriktspolitiske verkeområdet skal sjå på tilhøve som geografi, demografi, arbeidsmarknad og inntekt. Dette har blitt operasjonalisert i indikatorar for folke-talsutvikling, kvinne- og ungdomsandel, inntekt per skattytar, andel arbeidsledige/personar på tiltak og uføretrygde i revideringa. Desse indikatorane har også vore med i vurderingane når vi har vurdert kva område som etter forslaget vil få nedsett arbeidsgjevaravgift. Konklusjonen frå denne gjennomgangen må kontrollerast mot avstandskriteriet for å sikre at vi held oss innanfor EØS-reglane. For å unngå "avgiftsstyrt" pendling, vil det også vere naudsynt å sjå større regionar i samanheng. Dette fordi arbeidsgjeva-avgifta er knytt til arbeidstakaren sin bustadkommune.

Norske styresmakter har også fått klare signal frå ESA om at det er vanskeleg å utvide verkeområdet i høve til det forslaget som er fremma.

EØS-reglane for regionalstøtte, ESA sitt tidlegare vedtak, distriktspolitiske prioriteringsprinsipp m.v. inneber at ikkje alle kommunar kan få same vilkår som nabokommunan(e). Fleire kommunar, utanfor virkeområdet eller med etter høve høg avgiftssats, er i ein situasjon med klare transportulemper. På den andre sida er det mange kommunar som er i ein endå vanskelegare situasjon. Vi har altså i stor grad vore i ein situasjon der vi har sett det som naudsynt å ta ut nokre område til fordel for andre.

Regjeringa sitt hovudgrep har vore å gjere ein omprioritering til indre østland, fjellregionar og svake kystkommunar som har hatt ei dårleg utvikling, frå sterkare kommunar langs kysten og i bynære område som har vist ei betre utvikling. Regjeringa har dermed funne det riktig at enkelte kommunar i Hedmark har så store avstandsulemper og svak utvikling at det er ynskjeleg å gje dei ein ekstra stimulans gjennom nedsett arbeidsgjevaravgift. Det gjeld også enkelte kommunar i Oppland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, ein kommune i Telemark og ein i Nord-Trøndelag. Regjeringa har aktivt søkt å nytte ut det handlingsrommet som er. Vi har også nøye vurdert verkeområdet ut frå dei rammene og retningslinene som er utarbeidde.



Det bør nemnast at fem fylke har ei støtteordning der det vert gitt kompensasjon for transportkostnader, basert på søknader frå den enkelte verksemd. Ordninga blei i slutten av 1980-åra overført frå staten til fylkeskommunane, og midlane vart innlemma i det kommunale inntektssystemet. ESA har kravd utarbeidd og notifisert eit nasjonalt regelverk for ordninga, eit regelverk som ein no arbeider med, og som vil bli gjort gjeldande frå 1. januar neste år i verkeområdet for nedsett arbeidsgjevaravgift.

Høgare arbeidsgjevaravgift vil medføre økte lønnskostnader i dei enkelte kommunane. Det er ein føresetnad at det blir teke omsyn til dette ved fordeling av skjønnsmiddel over det kommunale inntektssystemet.

Forslaget til nytt virkeområde for differensiert arbeidsgjevaravgift vil bli presentert i statsbudsjettet for neste år. Dette vert lagt fram måndag 4. oktober. Det er deretter opp til Stortinget å vedta virkeområdet som en del av skatte- og avgiftsopplegget.

Det at regjeringa i statsbudsjettet for neste år vil leggje fram forslag til nytt verkeområde for nedsett arbeidsgjevaravgift er såleis ein direkte konsekvens av avgjerda i EFTA-domstolen, men også eit resultat av eit nasjonalt følt trong til å endre verke-området som lenge har ligge fast. ESA peiker i sitt brev av 2. juli 1998 på at dei ikkje ut frå føreliggjande opplysningar er overtydd om at alle kommunar i sone 2 i mellom anna Hordaland er kvalifiserte til regional transportstøtte. " Dette gjelder særlig de delene av fylket som ikke i prinsippet utgjør et sammenhengende område med andre kommuner i avgiftssone 2, områder som ligger nær større byer, og områder som av andre grunner ikke synes å ha behov for varig kompensasjon for å sikre den regionale utvikling."