Skriftlig spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til justisministeren

Dokument nr. 15:395 (1998-99)
Innlevert: 09.09.1999
Sendt: 10.09.1999
Besvart: 15.09.1999 av justisminister Odd Einar Dørum

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Martha T. Brox er frå San Juan del Sur, Sauda sin venskapskommune i Nicaragua. Mora hennar gifta seg med norske John Brox for 11 år sidan, og han adopterte dei fire barna hennar. Martha har gått på folkehøgskule i Norge dei to siste åra, og skulle begynne på videregåande skule i Sauda. Dette fekk ho ikkje lov til. Ho måtte søke om opphaldsløyve frå Nicaragua var meldinga ho fekk, og då ho reiste dit og søkte, fekk ho avslag. Kan statsråden rydde opp i denne meinigslause og molboliknande saka ?

Begrunnelse

Eg viser til oppslag i avisa Ryfylke 13. august kor denne molbohistoria kjem fram, og reknar med at Justisministeren sørger for at Martha blir å finne på skulebenken i Sauda om kort tid.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Vedtaket frå Utlendingsdirektoratet er påklaga, og er no til handsaming i Justisdepartementet. Saka er ikkje avslutta i departementet, og eg kan difor ikkje her kommentere alle forhold i saka. Departementet vil treffe vedtak om kort tid.

Martha har vore i Noreg i to år, og gått på folkehøgskule. Vanlegvis får ein berre løyve til å gå eit år på folkehøgskule, og dette gjaldt for Martha òg. Ho fekk likevel gå to år på slik skule, fordi det tok så lang tid å handsame søknaden hennar om opptaksløyve i Utlendingsdirektoratet.

No ønskjer Martha å gå på vidaregåande skule i Noreg. Hovudregelen er at ein ikkje får opphaldsløyve i Noreg for å gå på vidaregående skule. Utlendingar som skal ta vidaregåande skule her, må delta i internasjonal elevutveksling i regi av ideelle organisasjonar eller offentlege etatar.

Sjølv om adoptivfaren til Martha er norsk borgar, gjev ikkje dette Martha utan vidare rett til å studere i Norge. Adoptivfaren til Martha er ikkje busett her, men i heimlandet hennar. Det er derfor ikkje tale om familiegjenforening.