Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:35 (1999-2000) Innlevert: 02.11.1999 Sendt: 03.11.1999 Besvart: 09.11.1999 av nærings- og handelsminister Lars Sponheim
Hallgeir H. Langeland (SV): Arbeidarane ved Umoe Haugesund reagerer på noko dei kallar klasseskille i arbeidslivet, og viser til at tilsette som frivillig sluttar i oljeselskap, inklusiv Statoil, har forhandla seg til tilbod om utdanning, løn, m.v. Det vil bli kutt på tilsette i petroleumsrelaterte verksemder. Ser statsråden det som aktuelt å pålegge eigarane å gje tilsette tilbod om etterutdanning, garantilløn o.l i samband med nedbemanning, evt. kva kan regjeringa gjere med dette "klasseskille" ?
Lars Sponheim: Tilhøva ved reduksjon av arbeidsstokken er regulert av arbeidsmiljølova. Denne lova er mellom anna utforma for å ta omsyn til arbeidarane sine rettar i samband med reduksjon i arbeidsstyrken. Arbeidsmiljølova regulerer berre spørsmål om informasjon og drøfting ved oppseiingar, i tillegg til spørsmålet om når oppseiingar kan skje. Tilbod til arbeidstakarane utover det som er pålagt i lova, er noko som må drøftast i forhandlingar mellom partane i arbeidslivet. Det er ikkje rettsleg grunnlag for å påleggje eigarane av private verksemder å gje dei tilsette tilbod om til dømes etterutdanning eller garantiløn i samband med reduksjon i talet på tilsette. Eg vil likevel understreke at eg ser det som positivt at enkelte verksemder, uavhengig av om dei er statlege eller private, gjev gode tilbod om utdanning, løn m.v. til tilsette som blir råka av oppseiingar. Avgjersler i samband med ein reduksjon i arbeidsstokken er vanskelege, og er arbeidsgjevar sitt ansvar. Eg er vel kjend med dei store problema petroleumrelaterte verksemder står overfor. Regjeringa har i Statsbudsjettet for 2000 gjort framlegg om ei rekkje tiltak som skal bidra til å dempe verknadene av reduserte investeringar på sokkelen. Målet er å lette situasjonen i leverandørindustrien på kort sikt, slik at den venta reduksjonen av kapasitet blir mindre smertefull. Tiltaka vil både bli retta direkte mot leverandørindustrien og mot å stimulere det generelle aktivitetsnivået på norsk kontinentalsokkel.Eg kan vidare nemne at i Statsbudsjettet for 2000, vert det sett av midlar til ein forsterka innsats overfor arbeidstakare som vert oppsagde eller permitterte frå petroleumsrelatert verkstad- eller leverandørindustri. Formidling av ledig og permittert arbeidskraft til andre jobbar vil verte vektlagt. For arbeidssøkjarar som treng noko meir for å komme i ny jobb, vil innsatsen verta spesielt retta mot vidareutdanning og kompetanseheving. Dette vil bli gjennomført ved bruk av kvalifiseringstiltaka innafor arbeidsmarknadspoltikken. Det er forutsett at arbeidsmarknadsetaten og utdanningsmyndigheitene skal planleggje og gjennomføre slike utdanningstilbod i nært samarbeid med partane, og dei verksemdene og kommunane som er råka.