Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:76 (1999-2000)
Innlevert: 30.11.1999
Sendt: 01.12.1999
Besvart: 06.12.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): I dagens Opplæringslov/Privatskulelov og forskrifter til desse, kan det tyde på at barns tryggleik på klasseturar/leirskular ikkje er godt nok formulert i lovverket når det gjeld rutinar og ansvarsplassering. Vil statsråden sørgje for at det blir utarbeida detaljert regelverk og rutinar for korleis elevturar skal førebuast og gjennomførast i framtida?

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: I opplæringslova § 9-3, om utstyr og arbeidstilhøve, er det i andre leddet gitt heimel for forskrifter om tryggleiken til elevane. Forskrifta til opplæringslova inneheld slike reglar i kapittel 12.

Eg vil her vise til bokstav a i forskrifta, der det heiter: "Når skolen er ansvarleg for tryggleiken til elevane, må tilsynet i praksis vere forsvarleg i forhold til risikoen for at skade eller ulykke kan skje."

Leirskole og obligatoriske klasseturar er grunnskuleopplæring og blir såleis regulerte av forskrifta om tryggleiken for elevane. Det er kommunen som er ansvarleg for å oppfylle krava i forskrifta.

Også i ordensreglementa for skulane kan det takast inn reglar som nærmare regulerer førebyggjande tiltak, jf. bokstav d i forskrifta. Også slike ordensreglement er kommunane sitt ansvarsområde.

Opplæringslova gjeld for det offentlege skuletilbodet og for private grunnskular som ikkje er godkjende med rett til statstilskott etter privatskulelova, jf. opplæringslova § 1-1 andre leddet.

Eg meiner at dei reglane som er gitt i forskrift til opplæringslova, på ein god måte varetek behovet for tryggleik for elevane. Regelverket for den offentlege skulen er formålstenleg og dekkjande. Etter mi meining er det ikkje mogleg å gi eit så detaljert regelverk at det i detalj regulerer alle tilfelle som kan oppstå.

For private skular som er godkjende med rett til statstilskott etter privatskulelova, gjeld reglane i privatskulelova.

Når det gjeld private skolar, vil departementet vurdere om regelverket er formålstenleg utforma.