Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:147 (1999-2000)
Innlevert: 19.01.2000
Sendt: 20.01.2000
Besvart: 25.01.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Kvadraturen vidaregåande skule i Kristiansand fekk den 3. mars 1999 avslag på å opprette elektroklasse i England av di ordninga ikkje var ferdig evaluert. I august 1999 sendte dei ein ny søknad. Vil statsråden bidra til at Kvadraturen vidaregåande skule kan kome i gang med ei slik klasse frå hausten 2000?

Begrunnelse

Stortinget har tidlegare vedteke ei forsøksordning der elevar i sju skuleklasser kunne søke lån og stipend til godkjent tilbod om utdanning i utlandet, som del av ein treårig utdanning i Norge. Stortinget har seinare utvida dette til tre nye klasser (Innst S nr 16 (1996/97)/ Innst S nr 165 (1997-98)).

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Eg kan opplyse at forsøksordninga med å gi støtte frå Statens lånekasse for utdanning til elevar som går på godkjende tilbod i utlandet og som får dette tilpassa som ein del av ei treårig vidaregåande utdanning, nyleg har vore evaluert. Departementet arbeider for tida med oppfølginga av rapporten, og resultatet av vurderinga i departementet vil liggje føre om kort tid. Eg kan ikkje gå i detalj, men eg kan seie at evalueringa konkluderer med at ordninga i det store og heile har vore vellukka for internasjonaliseringsarbeidet i den vidaregåande skulen. Rapporten frå Møreforsking Molde, datert desember 1999, vert lagd ved.

Så snart det er teke avgjerd om støtteordninga i framtida, blir søknaden frå Kvadraturen videregående skole behandla. Eg tek sikte på å få saka avgjort så raskt som mogleg.



Vedlegg til svar:

Arbeidsrapport M 9919 av Kjersti Hasselø og Kristin Tornese om en evaluering av støtteordning i Statens lånekasse for Utdanning til videregående opplæring i utlandet i skoleårene 1996/-97 og 1997/-98. Møreforsking Molde, desember 1999. ISSN 0803-9259.