Petter Løvik (H): Ved behandlinga av budsjettet for år 2000 uttalte fleirtalet i Stortinget at rassikring knytt til Trollstigen skal finansierast utanfor vegrammene til Møre og Romsdal.
Kva tid og på kva måte vil statsråden følgje opp dette?
Begrunnelse
Møre og Romsdal har ei rekkje vegar som er utsette for ras heile året. På to av dei prioriterte strekningane, i Stordal kommune og i Volda kommune, er første byggesteg ferdig, og planane er klare for å fullføre prosjekta som kan gi sikker veg. Vegløyvingane for inneverande år er imidlertid så små at det vert vanskeleg å kome i gang med arbeidet.
Med det som er sagt frå Stortinget og vist til i spørsmålet ovanfor, har desse lokalsamfunna fått eit håp om at ein kan kome i gang med arbeidet. Behovet vert understreka av stadige ras på dei to strekningane, seinast sist helg då eit stort steinras var nær ved å treffe bilar på strekninga Greifsneset - Løvikneset i Volda kommune.