Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:173 (1999-2000)
Innlevert: 02.02.2000
Sendt: 03.02.2000
Besvart: 08.02.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Stortingsmeldinga om studier i utlandet (jfr Innst. S. nr. 173 (1996-97)) vart handsama av Stortinget i april 1997. Stortinget bad Regjeringa legge fram forslag om å opprette eit stimuleringsfond for utdanningsinstitusjonar til å utvikle utvekslingsavtalar med institusjonar utanfor Vest-Europa. Eit viktig formål var å legge til rette for studentutveksling.
Når vil Regjeringa følgje opp Stortinget sitt vedtak?

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Gjennom 1990-talet har det vore ein auke i Noregs deltaking i internasjonale utdannings- og forskingssamarbeid, spesielt i EUs utdannings- og rammeprogram. Det har vore omfattande utveksling og samarbeid mellom norske og utanlandske institusjonar også utanom dei etablerte programma, både når det gjeld forskarar, doktorgradsstipendiatar, undervisningspersonale og studentar.

I tillegg til dei etablerte utdanningsprogramma Sokrates, Leonardo og Norplus har norske utdanningsinstitusjonar utveksling gjennom mindre program som NUFU (Det norske universitetsråds utval for utviklingsrelatert forsking og utdanning), Samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa, NORAD og Nordisk Ministerråds nettverksprogram for Baltikum og Nordvest-Russland. Vidare har opninga av EUs utdanningsprogram og EUs femte rammeprogram for forsking til alle de 11 søkjarlanda til EU ført til strukturar for samarbeid også med dei fleste landa i Sentral- og Aust-Europa.

Talet på studentar i utlandet som får lån frå Statens lånekasse for utdanning, har auka jamt dei siste 5 åra. Det er også eit aukande tal på utanlandske studentar ved norske universitet og høgskoler.

Eg vil vise til at det i brev om løyvingar både for 1999 og 2000 til universiteta og høgskolane er det lagt inn ein føresetnad om at institusjonane skal leggje tilhøva til rette slik at ein aukande del av studentane og dei tilsette kan ta del i internasjonalt samarbeid gjennom utveksling og/eller fagleg utviklingsarbeid.

Utvalet for høgre utdanning, Mjøs-utvalet, legg fram utgreiinga si 1. april 2000. Utvalet skal, i samsvar med mandatet, mellom anna vurdere behov for endringar i universitets- og høgskolesektoren som følgje av auka internasjonalisering, u-landssamarbeid og utviklinga av ein internasjonal kompetansemarknad. Eit særskilt stimuleringsfond vil eg sjå i samband med utgreiing frå Mjøs-utvalet og høyringsfråsegnene til denne.