Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:182 (1999-2000)
Innlevert: 03.02.2000
Sendt: 04.02.2000
Besvart: 10.02.2000 av finansminister Gudmund Restad

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Fiskarfrådraget og sjømannsfrådraget er i utgangspunktet likt ved at begge er 30% av arbeidsinntekt ombord, avgrensa til kr.70.000. Minstekravet er 130 arbeidsdagar ombord i løpet av eit kalendarår. Sjøfolk som er i fast stilling får eit høvesvis frådrag sjølv om dei ikkje har 130 dagar ombord ved t.d. skulegong. Fiskarane kan også koma i ein slik situasjon m.a ved at fiskekvotane no er reduserte. Kva kan gjerast for å gje fiskarane same retten til frådrag som det andre sjøfolk har?

Begrunnelse

Det er vanskeleg å sjå kva som er årsaka til at fiskarane skal ha heilt andre vilkår knytt til fiskarfrådraget/sjømannsfrådraget når det gjeld krav om antal dagar ombord. Dette kan verta meir aktuelt ettersom auka utdanningkrav og betre avløysarordningar gjer seg gjeldande også for fiskarane. Nedgong i fiskekvotane kan også føra med seg kortare driftstid enn 130 dagar utan at dette er noko den einskilde fiskar kan påverka.

Gudmund Restad (Sp)

Svar

Gudmund Restad: Hovudvilkåret for å ha rett til sjømannsfrådrag er at skattytar har arbeid om bord på skip i fart som hovudsyssel og at han har arbeidt minst 130 dagar i inntektsåret. Tilsvarande krav for fiskarfrådraget er at skattytar i minst 130 dagar av inntektsåret personleg har drive eller delteke i fiske eller fangst på havet eller langs kysten.

Etter praksis kan også anna enn arbeid om bord reknast med ved oppfyllinga av 130-dagarskravet. Til dømes skal periodar med sjukemelding reknast med ved vurderinga av om 130-dagarskravet er oppfylt både når det gjeld sjømannsfrådraget og fiskarfrådraget.

Elles er det nokon skilnader på dei nærmare reglane og praksis rundt dei to frådraga når det gjeld oppfylling av 130-dagarskravet. Dette er i hovudsak grunna typiske ulikskapar mellom fiskaryrke og anna sjømannsyrke.

Den største forskjellen er at når det gjeld sjømannsfrådraget er det i forskrift gitt av Finansdepartementet fastsett at vilkåret om 130 dager om bord i inntektsåret reknast som oppfylt for arbeidstakarar som er omfatta av ein tariffavtale som forutsett i gjennomsnitt minst 130 dagar om bord pr. inntektsår. Det blir i tillegg kravd at arbeidet om bord er hovudsysselen til vedkommande. For sjømenn som elles oppfyller disse vilkåra, hindrar det ikkje sjømannsfrådrag at arbeidsforholdet avsluttast tidleg eller blir påbegynt seint i inntektsåret.

Bakgrunnen for regelen er at ein ville imøtekomme sjøfolk som pga. turnusordning enkelte år er noe under 130 dagar om bord, men som andre år er noe over 130 dagar om bord. Slike turnusordningar er ikkje uvanlege i offshoreverksemd. Etter det departementet har kjennskap til, finst det ikkje liknande tariffavtalar innan fisket. Departementet har derfor ikkje sett behov for ein liknande regel for fiskerfrådraget. (Sidan arbeid på flytande installasjonar ikkje lenger kvalifiserer til sjømannsfrådrag, er behovet for regelen når det gjeld sjømannsfrådrag også blitt mindre.)

Regelen kan bare nyttast dersom sjømannen faktisk følgjer den turnusen som går fram av tariffavtalen, og det er turnusen og ikkje andre høve som er årsaka til at 130-dagarskravet ikkje blir oppfylt i enkelte år. Har han fråvær grunna skulegong, og det er derfor han ikkje oppfyller 130-dager kravet, vil han ikkje ha rett til sjømannsfrådrag. Det er såleis ikkje ein slik forskjell mellom vilkåra for frådraga som representanten hevdar.