Unn Aarrestad (Sp): I eit brev av 11. november 1999 frå departementet (ref.99/8141) har departementet oppheva resultatet av skulemålsrøystinga i Vesterdalen skule i Kvinesdal. Det var sist røysting der 20. oktober 1997.
Kan statsråden godta at Stortinget sitt vedtak om ny opplæringslov vert tolka slik at femårsregelen mellom røystingane vert oppheva, og vil statsråden gripa inn i den aktuelle saka for at norsk lov vert fylgd og hindra at departementet gir dispensasjon frå dette?
Begrunnelse
I 1999 tok den nye opplæringslova til å gjelda. Lova vart endra slik at der lova før ga alle over 18 år i skulekrinsen røysterett ved skulemålsrøystingar, gir dagens lov berre denne retten til foreldre til born som går på den aktuelle skulen det skuleåret røystinga er. Med unnatak av denne innsnevringa av røysteretten, er paragrafen om skulemålsrøysting identisk med den tidlegare lova, m.a. ved at det skal gå minst fem år mellom kvar røysting.
Då Stortinget vedtok opplæringslova i juni 1999, vedtok ikkje Stortinget å oppheva resultatet av røystingane dei siste fem åra. Lova slår fast at det skal gå fem år frå førre røysting til eit eventuelt nytt vedtak kan gjerast.
For ro og stabilitet i skulekrinsane er det viktig at valet av hovudmål ligg fast i det minste i ein femårsperiode før ny røysting kan krevast, noko Stortinget vedtok å oppretthalda.
Nå har departementet støtta Kvinesdal kommune i vedtaket om å halda ny røysting i Vesterdalen alt etter to år, trass i at lova ikkje er endra på dette punktet.
Departementet skriv m.a. i brevet av 11. november 1999:
"Regelen i grunnskolelovens §40 nr. 4 fjerde ledd om at nytt vedtak om målform ikke kan gjøres før det er gått minst fem år, gjelder kun for vedtak truffet med hjemmel i grunnskoleloven. Femårsregelen etter grunnskoleloven kan ikke suspendere avstemming og vedtak om målform truffet med hjemmel i opplæringslovens §2-5 syvende ledd. Vi viser i den sammenheng til det er en ny velgergruppe som vedtaket skal forholde seg til.
Det kan således gjennomføres avstemming og vedtak om målform selv om femårsfristen etter grunnskolelovens §40 nr.4 fjerde ledd ikke er utløpt ved tidspunktet for vedtak etter opplæringsloven."
Etter dette brevet har Kvinesdal kommune vedteke å lysa ut ny røysting om skulemålet i Vesterdalen alt den 14. mars 2000. I utlysinga i avisa "Agder" 28.januar viser kommunestyret til godkjenning frå departementet. Godkjenninga vart gjeve i ovannemnde brev til Åse G. Versland, Storekvina, 4480 Kvinesdal.