Skriftlig spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:217 (1999-2000)
Innlevert: 22.02.2000
Sendt: 22.02.2000
Besvart: 24.02.2000 av forsvarsminister Eldbjørg Løwer

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Ifølge opplysningar i Bergens Tidende 14. februar 2000 kan data frå Globus II-radaren i Vardø brukast til å skilje mellom stridshovud og narreobjekt. Dette er ifølge avisa naudsynt forsking som ligg til grunn for utviklinga av eit rakettforsvar.
Er det riktig at data som radaren har samla inn kan bli brukt slik, og kan det eventuelt innebere eit brot på ABM-avtalen (Anti-ballistic missile)?

Eldbjørg Løwer (V)

Svar

Eldbjørg Løwer: I samband med behandlinga av radarprosjektet vart det gjort vurderingar av prosjektet sitt forholdet til ABM-avtalen både på norsk og amerikansk side. Konklusjonen var at etablering av Globus II i Vardø ikkje er i strid med avtalen, og at det heller ikkje var grunnlag for å hevda at Noreg, som ikkje er part i avtalen, har påverka til avtalebrot.

ABM-avtalen frå 1972 er i ettertid endra og presisert fleire gonger. Russland og USA har jamlege møte i ein eigen kommisjon (Standing Consultative Commission - SCC) for å drøfta spørsmål knytt til praktiseringa av avtalen, noko som ikkje har vore ei lett oppgåve. I den seinare tid har diskusjonane i SCC som kjent fokusert på dei amerikanske planane om eit nasjonalt missilforsvar (NMD).

ABM-avtalen er innvikla og svært teknisk. I ein felleserklæring frå 1978 vert det slege fast at dei radarane som skal nyttast til følging av objekt i det ytre rom, og dei med etterretningsformål ikkje skal definerast som om dei var utprøvde i ein ABM-rolle. Det same gjeld for radarar til tidleg varsling av ballistiske missil, men her vart partane samde om at dei heretter berre kunne plasserast i randa av statane sitt territorium og peika utover.

Globus II vil, når den er i full drift til neste år, få tre typar oppgåver: overvaking av det ytre rom, forsking og overvaking av norsk interesseområde. Ingen av desse oppgåvene medfører brot, eller bidrag til brot på ABM-avtalen. Dei to første er heilt åpne, og data frå romovervakinga vil verta tilgjengeleg offentleg, blant anna over internett.

Heller ikkje Globus IIs etterretningsoppgåver er relevante i forhold til ABM-avtalen. Radarens kapasitet og oppgåver i samband med etterretning er gradert informasjon, og dette kan eg difor ikkje kommentera.