Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:246 (1999-2000)
Innlevert: 22.03.2000
Sendt: 22.03.2000
Besvart: 27.03.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Kva er status for arbeidet med å skaffe fram læremiddel for blinde og svaksynte i skulen, og kva vil statsråden gjere for at slike læremiddel skal ligge føre ved skulestart?

Begrunnelse

I Opplæringslova heiter det m.a. at: "Departementet skal sørge for at det blir utarbeidet lærebøker og andre læremidler for spesialundervisning". Dette omfattar også læremiddel for blinde og svaksynte. Det har fleire gonger blitt peika på at læremiddelsituasjonen for denne gruppa ikkje er tilfredsstillande. M.a. er fleire læremiddel ikkje tilgjengelege ved skulestart.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Eg vil om kort tid leggje fram ein lovproposisjon om endringar i opplæringslova, som mellom anna foreslår rett til opplæring i punktskrift for blinde og sterkt svaksynte elevar. I same proposisjonen vil eg også omtale læremiddelsituasjonen for punktskriftbrukarar.