Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:299 (1999-2000)
Innlevert: 02.05.2000
Sendt: 02.05.2000
Besvart: 08.05.2000 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Kva tiltak har samferdselsministeren sett i verk for at ferjetilbodet i år 2000 i hovudsak blir vidareført som i 1999, og vil ein sette i verk ytterlegare tiltak?

Begrunnelse

I Sunnmørsposten 15. april 2000 går det fram at Vegdirektoratet varslar om reduksjon i ferjetilbodet etter 1. september og ein ferjetakstauke på 5 prosent frå 1. mai. Møre og Romsdal fylkesbåtar manglar 17 mill kroner på å få endane til å møtast etter 1. mai, trass i den hastige påbodet om 5 prosent takstauke.

I det framlagte og vedteke statsbudsjett for år 2000, går det fram at ferjetilbodet i 1999 i hovedsak skal videreførast i år 2000.

Endringar i takstar og rutetilbod kan få store konsekvenser for lokalsamfunn som er avhengig av ferjer.

I spørjetimen 29 mars fekk samferdselsministeren spørsmål om statsråden kunne forete seg noko straks for å sikre at noverande rutetilbod vert oppretthalde. Statsråden svarte blant anna sitat "Jeg legger fortsatt til grunn at målsettingen om ferjetilbudet fra budsjettproposisjonen for 2000 skal stå ved lag. Saken er viktig og tidskritisk og har derfor høy prioritet"

Mange er avhengig av ferjer, som einaste "veg" for å kome til fastlandet. Det opplevast frustrerande for mange å måtte kjempe for sin "veg" kvart år, for å kunne pendle til arbeid og skule. Og for eit verdiskapende næringsliv som skal frakte varer ut på marknaden. Eit godt ferjetilbod og til ein akseptabel pris kan vere avgjerande både for busetting og et livskraftig næringsliv i distrikta. Det er difor viktig med stabile og gode ferjetilbod.

Terje Moe Gustavsen (A)

Svar

Terje Moe Gustavsen: "I budsjett 2000 heiter det, som representanten Molvær Grimstad og viser til, at ferjetilbodet i 1999 i hovudsak skal vidareførast i 2000. I budsjettproposisjonen er det likevel tatt atterhald om at tilbodet vil vera avhengig av resultatet av forhandlingane mellom vegvesenet og ferjeselskapa.

Det er ei klar målsetting frå mi side at ferjetilbodet frå 1999 vert vidareført i 2000, utan for store reduksjonar i tilbodet. Det er likevel på nytt grunn til å minna om at tilbodet vert fastsett i forhandlingar med reiarlaga. Å oppnå eit tilfredsstillande resultat stiller derfor store krav både til vegsjefane og reiarlaga.

Ferjedrifta har så langt i 2000 opplevd ein kraftig kostnadsvekst. Det er serleg utviklinga i oljeprisen som er hovudgrunnen til dette. Kostnadsveksten har ført til at forhandlingane mellom vegvesenet og reiarlaga har vore vanskelege.

Vintervedlikehaldet (brøyteutgifter) har og vore omfattande i år. Midlar til ferjedrifta og vedlikehald av riksvegnettet vert løyvt over same post (kap 1320, post 23). Budsjettsituasjonen innanfor drift og vedlikehald er med andre ord svært vanskeleg. Også rammene til investeringar på vegsida er svært stramme. Den stramme budsjettsituasjonen er bakgrunnen for at det er innført takstauke på 5 prosent i ferjedrifta frå 1. mai, for at kostnadsauken i ferjedrifta ikkje skal ramma andre formål på vegbudsjettet for sterkt. Utviklinga av oljeprisen har og ført til auke i kostnadene for trafikantar elles som ikkje nyttar ferje. Takstauken og andre budsjettiltak som vil verta presenterte for Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2000, vil vera vesentlege bidrag til å oppnå eit ferjetilbod i 2000 om lag på nivå med tilbodet i 1999.

Statens vegvesen opplyser at forhandlingane er avslutta i tre fylke, og at det er venta at det vil verta inngått avtale i resterande fylke i mai."