Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:333 (1999-2000)
Innlevert: 24.05.2000
Sendt: 25.05.2000
Besvart: 31.05.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Skular som får tilskot etter privatskulelova § 26, tilskotsreglane 1, 2 og 4, kan få tilskot til undervisningsutstyr. I fjor vart desse tilskota tildelte i april. Når vil Departementet fordele tilskot til undervisningsutstyr for inneværande år?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet er dei problema den seine avgjerda skaper for skular som har søkt om tilskot til undervisningsutstyr. Tilsagn om midlar til undervisningsutstyr kan i enkelte tilfelle vere avgjerande for om ein skule kan tilsette lærarar og ta opp elevar.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet forventar å gjere seg ferdig med tildeling av undervisningsutstyr innan 10. juni 2000. Departementet vil informere skolane når det føreligg ein avgjerd.

Elles er det sett av 5,9 mill. kroner til dette føremålet for 2000. Til samanlikning er det berekna at dei private skolane kjem til å få til saman om lag 1 029 mill. kroner i statlege tilskot til drift av skolane i 2000.