Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:338 (1999-2000)
Innlevert: 26.05.2000
Sendt: 26.05.2000
Besvart: 02.06.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Granskingar blant lærarane og oppslag i media viser at svært mange lærarar blir utsette for vald og aggresjon frå elevar. Mykje tyder på at problemet er aukande. Mellom anna viser ei gransking som Møre og Romsdal Lærarlag har gjort, og som er referert i Sunnmørsposten i dag, at nær halvparten av lærarane i grunnskulen i fylket er utsette for truslar, vald og skade på eigedom.
Vil statsråden ta noko initiativ slik at denne skremmande utviklinga kan stoppast?

Begrunnelse

Vi høyrer stadig oftare om ulike former for vald mot lærarar i grunnskulen. Eg har, på vegner av Høgre, teke opp desse problema tre gonger i spørsmål til tidlegare statsråd Lilletun.
19. november 1997 svarte Lilletun at han såg dette som eit stort problem og at han hadde teke initiativ til ein erfaringskonferanse om problema veka etter. Han viste elles til at han våren 1998 ville legge fram ei stortingsmelding om spesialundervisninga. 28. oktober 1998 viste statsråden til at han hadde registrert problemet og at han hadde invitert lærarorganisasjonane til eit møte om saka veka etter. Han ville dessutan ta opp problema i stortingsmeldinga om lærarrekruttering.
Ingen av dei to stortingsmeldingane gjekk i særleg grad inn på problema. I spontanspørjetimen 12. januar 2000 var statsråden framleis samd med underteikna i at dette er eit alvorleg problem, men la til at "det er ei langsiktig forverring av problema eg trur vi har stoppa, og vi er i gang med å betre situasjonen".
Med bakgrunn i hyppige mediaoppslag frå heile landet i det siste, er eg dessverre noko i tvil om det er grunnlag for det vesle tilløpet til optimisme som Lilletun ga uttrykk for i det siste utsagnet.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Vald, mobbing og kriminelle handlingar i skolen er ikkje akseptabelt, anten det rammar lærarar eller elevar. Problemet med vald mot lærarar kan ikkje sjåast isolert frå den valdsbruk og mobbing som altfor mange elevar er utsette for. Eg deler i høgste grad uroa over dei tilstandar vi med jamne mellomrom får høyre om og som gjeld valdsbruk i skolen.
Ansvaret for å utvikle eit trygt arbeidsmiljø og eit stimulerande læringsmiljø for alle er den enkelte skoleeigaren sitt ansvar. Rektor som arbeidsgivarrepresentant har det daglege ansvaret for at dei lover og forskrifter som gjeld på området, blir handheva. Arbeidsmiljølova skal vareta det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet for lærarane.
Frå staten si side kan vi sjå til at lover og forskrifter sørgjer for den rettslege reguleringa på tilfredsstillande vis. Forslaget i Ot.prp. nr. 44 (1999-2000) om endring i opplæringslova, slik at enkelte elevar, når alle andre utvegar er prøvde, kan flyttast til ein annan skole, er eit eksempel på det.
I tillegg har departementet, delvis i samarbeid med andre departement, dei seinare åra sett i gang ulike tiltak for å betre arbeids- og læringsmiljøet og stimulere arbeidet mot valdsbruk, mobbing og anna negativ åtferd i skolen. Tiltaka er baserte på mål og intensjonar i læreplanverka. I tillegg til tydeleg og konsekvent grensesetjing gjennom felles reglar for åtferd i skolen, er det berre det daglege holdningsskapande arbeidet i skole, heim og nærmiljø som gir resultat på lengre sikt.
Valden i skolen avspeglar valden i samfunnet elles. Derfor må alle partar samarbeide for å få bukt med problemet. Som eksempel på slike samarbeidstiltak vil eg nemne:
· Statistisk sentralbyrå, Kommunenes sentralforbund, lærarorganisasjonane og KUF samarbeider om ei kartlegging av arbeidsmiljøet for lærarane. Undersøkinga skal inngå i Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking for 2001.
· I Samarbeidsorgan for arbeidsmiljøet i skolen møtest representantar for lærarorganisasjonane, Kommunenes sentralforbund og KUF om problemstillingar som også er knytte til det psykososiale arbeidsmiljøet i skolane. Organet skal mellom anna vurdere overordna initiativ på rettleiingssida med sikte på å styrkje det lokale arbeidet med arbeidsmiljøet i skolen.
· KUF og BFD har sett ned ei felles, uavhengig faggruppe som på forskingsbasert grunnlag skal vurdere ulike program som vender seg til skolen og som har som formål å betre lærings- og oppvekstmiljøet (sjå St.meld. nr. 17 (1999-2000) Handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet). Rapporten frå dette arbeidet vil liggje føre i byrjinga av juni 2000, og på grunnlag av rapporten skal dei to departementa vurdere eventuelle tilrådingar overfor skoleeigarane.
· Det er sett i verk eit treårig kompetanseutviklingsprogram for PP-tenesta og skoleleiarane. Programmet har fått namnet Samtak og starta i januar i år. Målet er at skolen skal få betre kompetanse på område der lærarane melder om størst behov for innsats. Eitt av dei prioriterte områda i programmet er derfor sosiale og emosjonelle vanskar.
· Skolemeklingsprogrammet er eit samarbeid mellom JD og KUF. Alle grunnskolar og vidaregåande skolar i landet vil få tilbod om å utvikle kompetanse i skolemekling, og vil deretter kunne ta i bruk mekling som metode for konfliktløysing.
· Mange grunnskolar har i dag eigne politikontaktar som medverkar med problemorientert og førebyggjande arbeid i skolane. Det er ønskeleg at ein både i grunnskole og vidaregåande opplæring har eigne politikontaktar.
· KRÅD (Kriminalitetsførebyggjande råd) har utarbeidd ein tverrfagleg undervisningspakke som er tilpassa L97: LEV VEL. Temaet er førebygging av kriminalitet. Pakken er distribuert til alle grunnskolane i landet.
· Departementet har sett i verk ein oppfølgingsstudie av Ogdens undersøking av elevåtferd og læringsmiljø (1998) og undersøkingane av lesedugleik som er gjennomførte av Senter for leseforsking. Ein skal sjå på samanhengar mellom desse undersøkingane med det formål å finne årsaksforklaringar og eksempel på god praksis. Resultat frå studia vil kunne gi nyttige innspel til kvalitetssikringsarbeidet i kommunar og skolar og danne grunnlag for å utvikle gode reiskapar for å vurdere elevåtferd.
Årsakene til valdsbruk blant både barn og vaksne er samansette. Det er derfor ingen grunn til å tru at enkelttiltak på ulike område vil kunne medverke til å løyse problema med valdsbruk. Derimot er det viktig å tenkje langsiktig og å streve etter heilskaplege løysingar som også fangar opp kompleksiteten.