Skriftlig spørsmål fra Ivar Kristiansen (H) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:407 (1999-2000)
Innlevert: 26.06.2000
Sendt: 27.06.2000
Besvart: 30.06.2000 av olje- og energiminister Olav Akselsen

Ivar Kristiansen (H)

Spørsmål

Ivar Kristiansen (H): Troms Kraft A.S. (TK) har i en årrekke importert vannkraft fra nordvest-Russland. Avtalen mellom Troms Kraft A.S. og det russiske selskapet skal nå reforhandles. Importen problematiseres nå kraftig ved at den norske nettleien på importen har fått en kraftig prisøkning. Samarbeidet mellom TK og den russiske partner er et viktig ledd i Barentssamarbeidet,- samarbeid som nå er truet p.g.a. nettleieprisøkningen.
Vil statsråden bidra til at dette samarbeidet kan videreføres, ved at nettleien ikke får en slik prisøkning som det er lagt opp til?

Olav Akselsen (A)

Svar

Olav Akselsen: Regjeringa er generelt oppteken av å leggja til rette for ei mest mogleg effektiv kraftutveksling mellom Noreg og andre land, ved mellom anna å fjerna hindringar knytt til handel med kraft på overføringssamband som ikkje har noko reell grunngjeving i til dømes marknadstilhøve.
Ved import av kraft frå Russland vert det i dag betalt ei prioritetsavgift i tillegg til ordinære innmatingstariffar i sentralnettet.
Prioritetsavgift har vore ilagt alle bilaterale avtalar med prioritet i overføringslinene med vekselstrøm til Sverige, Finland og Russland. Bilaterale avtalar med prioritet krev konsesjon frå Olje- og energidepartementet. Som fylgje av endringane i organiseringa av krafthandelen med Sverige og Finland dei siste åra, vert det i dag berre ved import av kraft frå Russland ilagt slik avgift.
Prioritetsavgifta knytt til import av kraft frå Russland inngår i dag i inntektsordninga for utanlandshandelen med kraft, jf. kap. 4860, post 80 i St. prp. nr. 1 (1999-2000). Eg ventar at det akkumulerte underskotet i ordninga er nedbetalt innan utgangen av budsjettåret 2002. Olje- og energidepartementet har i dag fullmakt til å avvikla ordninga dersom dei framtidige inntektene blir så små at det ikkje lenger synest mogleg å få nedbetalt det akkumulerte underskotet innan rimeleg tid.
For 2000 skal Troms Kraft ifølgje Statnett betala ei prioritetsavgift på nær kr 380 000 knytt til import av kraft frå Russland. Avgifta er redusert sidan 1999, då grunnlaget for avgifta var noko høgare. Etter mi vurdering er dette ein liten sum sett i forhold til det å få nedbetalt det akkumulerte underskotet.
Etter å ha gjennomgått gjeldande tarifferingspraksis i saka, er eg komen til at prioritetsavgifta knytt til import av kraft frå Russland bør fjernast frå 1. januar 2001. Når det gjeld tarifferinga elles ved import frå Russland, meiner eg at ein framleis skal betala ordinære innmatingstariffar til sentralnettet. Dette vil til dømes vera lik tariffering som ved anna innmating til sentralnettet. Importen frå Russland er eksklusivt kopla opp mot vasskraftverket Kolenergo. Kraftverket er ikkje kopla opp mot det russiske nettet.
Eg tek sikte på å leggja saka fram for Stortinget i budsjettforslaget til hausten.
Å fjerna prioritetsavgifta vonar eg vil bidra positivt i forhold til det framtidige Barentssamarbeidet.