Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:411 (1999-2000)
Innlevert: 27.06.2000
Sendt: 28.06.2000
Besvart: 04.07.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Når vil Alta kristne grunnskole få svar på søknaden om godkjenning?

Begrunnelse

Skulen søkte om godkjenning etter privatskulelova den 9. desember 1997 og departementet mottok fagplanane frå skulen 23. november 1998. Då eg etterlyste saka i spørjetimen 27.10.99 fekk eg som svar frå dåverande statsråd Lilletun at han"håpar likevel at søknaden vil vere ferdigbehandla ved årsskiftet".
Det kunne også vere interessant å vite om statsråd Giske deler departementet og tidlegare statsråd Lilletun sitt syn på saksbehandlingstida slik det går fram av St.prp. nr. 1 (1999-2000) frå KUF-departementet: "Departementet har som mål at saksbehandlingen ved godkjenning av nye skoler ikke skal ta særlig lengre tid enn ett år hvis søknaden tilfredsstiller de fastsatte kvalitetskravene og inneholder alle nødvendige opplysninger".

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Som representanten Løvik opplyser, søkte Foreningen Alta kristne grunnskole 9. desember 1997 om godkjenning med rett til statstilskott etter privatskulelova. Departementet fekk tilsendt fagplanar m.m. frå foreininga 23. november 1998. Etter å ha vurdert dokumenta, tok departementet kontakt med foreininga i brev 27. januar 2000 og foreslo eit møte mellom foreininga og departementet. Etter nærmare avtale vart møtet halde i Alta 23. februar 2000. Her vart søknaden gjennomgått, og departementet foreslo fleire endringar. På bakgrunn av merknadene og forslaga frå departementet bestemte foreininga seg for å gjere nokre endringar i undervisningsplanen, vedtektene, reglementa m.m. Desse endringane fekk departementet 20. mars 2000. Dei nye dokumenta føreset nye vurderingar frå departementet si side, men eg kan opplyse at departementet tek sikte på å avgjere søknaden frå Foreningen Alta kristne grunnskole etter sommeren.
Elles kan eg stadfeste at departementet framleis har som mål at behandlinga av søknader om å få godkjent nye skolar etter privatskulelova ikkje skal ta særleg lengre tid enn eit år, føresett at søknaden tilfredsstiller dei fastsette kvalitetskrava og inneheld alle nødvendige opplysningar.