Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:459 (1999-2000)
Innlevert: 13.09.2000
Sendt: 13.09.2000
Besvart: 21.09.2000 av fiskeriminister Otto Gregussen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Sandøy kommune i Møre og Romsdal har i fleire år vore i kontakt med Kystdirektoratet for å få kjøpe eit areal på Ona for overdraging til ei reiselivsbedrift. Alle faginstansar har vore positive, og 26. juli i år fekk kommunen faks frå Kystdirektoratet om at dei ville innstille på at kommunen sitt tilbod vart akseptert. Like etter fekk dei telefonisk beskjed frå anna hald i direktoratet om at dette likevel ikkje var korrekt.
Vil statsråden ta initiativ til ei snarleg og positiv løysing av denne saka?

Begrunnelse

Ona er eit samfunn ytst på Romsdalskysten som har hatt folketalsnedgang gjennom mange år. Sandøy kommune ser det difor som svært viktig å få skapt ny næringsverksemd på Ona for å gi grunnlag for å oppretthalde eit levande øysamfunn. Kommunen har ei tid vore i kontakt med ein interessent som driv reiselivsverksemd også elles i kommunen og som no har planer om omfattande investeringar i ny verksemd på Ona.
Så langt har arbeidet med denne etableringa stoppa opp fordi dei ikkje har fått tilgang til det arealet som trengs for å kome i gang. Det aktuelle arealet er det staten som eig. Kystdirektoratet har tidlegare uttalt at dei ikkje lengre har tenestleg behov for området, og har forsåvidt vore positive til kommunen sine planar. Riksantikvaren har stilt vilkår til bruk av området, og desse er fullt ut aksepterte av utbyggjar. Problemet ser ut til å vere å få saka ut av Kystdirektoratet. Etableringa står i fare for å ikkje bli realisert om kommunen og utbyggar ikkje får overta dette arealet snarast. SND har vore positive og engasjert seg i prosjektet, men ein fryktar at dersom ikkje saka går i orden, vil SND trekkje tilsagnet tilbake.
Etter mykje fram og tilbake gjennom fleire år, bad Kystdirektoratet i brev datert 7. juli 2000 om at Sandøy kommune måtte sette fram eit tilbod i saka. Dette vart gjort i brev 13. juli.
Gleda var stor då kommunen 26. juli 2000 mottok faks på Kystdirektoratets offisielle papir om at Kystdirektoratet ville innstille positivt overfor Fiskeridepartementet/Statsbygg på å godta tilbodet frå kommunen. Gleda vart imidlertid snudd til forvirring då ein annan person i direktoratet 24. august ga kommunen beskjed pr telefon om at dette likevel ikkje var i orden. Han ville selje berre ein del av arealet. Dette ville vere nok til ei lita utbygging som eit første byggesteg, men for lite til å ha håp om langsiktig økonomisk balanse. Utbyggar torer ikkje å satse dersom han ikkje har sikra seg også resten av arealet. Og då er vi like langt.
Dette kan verke som ei lita sak, hr statsråd. Men eg har full forståing for den irritasjonen og forvirringa som både kommune og utbyggar føler. Som stortingsrepresentant verken vil eller kan eg gå inn i usemja mellom ulike saksbehandlarar i direktoratet. Men når eg veit at både kommunen og ein utbyggar som har vist elles i kommunen at han er i stand til å få til noko på reiselivsområdet, no føler at dei stangar hovuda fast i denne usemja, vil eg be statsråden skjere gjennom og få ei positiv og snarleg avgjerd til beste både for Onasamfunnet og Sandøy kommune.

Otto Gregussen (A)

Svar

Otto Gregussen: På bakgrunn av opplysningar frå Kystdirektoratet kommer det fram at det har oppstått ei misforståing mellom direktoratet og Sandøy kommune, kva gjelder storleiken på tomta på det tilbodet Kystdirektoratet vurderer å foreslå fremma for sal i telefaks av 26. juli 2000. Per telefaks er det foreslått en pris på kr 50. 000,-, men det understrekast ikkje kva storleik på tomta som tilbodet gjeld, og det blir vist til at direktoratet vil komme tilbake til saka i eige brev.

Truleg ligg misforståinga i at Kystdirektoratet meiner tilbodet berre gjelder tomta F2 i reguleringsplanen til Sandøy kommune, mens kommunen oppfattar tilbodet til å gjelde F2 samt del av I1.

Kystdirektoratet tok dette sakstilhøvet telefonisk opp med rådmannen i Sandøy kommune 24. august 2000. Det var derfor ikkje forventa at Sandøy kommune i brev av 1. september 2000 hevda at Kystdirektoratet hadde forplikta seg til å selje deler av I1 og F2 for kr 50.000,-.

Sal av eigedomar som Kystverket eig må godkjennast av Fiskeridepartementet. Sal under takst må leggast fram for Stortinget.

Eg stiller meg i utgangspunktet positiv til at omtalte eigedom blir seld til Sandøy kommune for overdraging til ei reiselivsbedrift. For en snarleg løysing på denne saka vil eg derfor ta initiativ til at Kystdirektoratet går i dialog med Sandøy kommune, slik at uklare spørsmål kan bli oppklart.