Skriftlig spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:482 (1999-2000)
Innlevert: 26.09.2000
Sendt: 27.09.2000
Besvart: 04.10.2000 av olje- og energiminister Olav Akselsen

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Fagbladet "Energi" skriver i sin utgave 08/00 at Statkraft mener det ikke er økonomisk forsvarlig å reparere aggregater som må tas ut i drift. Resultatet er at den totale effekten reduseres mer enn det som er teknisk nødvendig. Denne situasjonen kan få betydning allerede ved kommende vinters effektkapasitet.
Hva akter ministeren å gjøre for å sikre at det gjøres god og effektiv bruk av eksisterende anlegg, og hvordan stiller han seg til spørsmålet om vedlikeholdsplikt som en del av konsesjonen?

Begrunnelse

Statkraft selv mener at det frem til 2003 i alt er en samlet effekt på 1300 MW som trenger rehabilitering, og som i dagens situasjon ikke gir tilfredstillende lønnsomhet. Statnett er bekymret for effektsituasjonen som nå oppstår, og har stilt NVE spørsmål om ikke konsesjonsvilkårene innebærer en plikt til å vedlikeholde anleggene.
Ifølge artikkelen er NVE i ferd med å undersøke om det finnes hjemler til å kunne pålegge Statkraft å sette kraftverkene i driftsmessig stand.

Olav Akselsen (A)

Svar

Olav Akselsen: Noreg har i dag ein strammare effektbalanse enn det vi har hatt tidlegare.

Statnett er systemansvarleg for det norske kraftsystemet. Det inneber mellom anna at dei er ansvarlege for at det alltid er balanse mellom produksjon, import/eksport og forbruk.

I hovudsak er det kraftmarknaden som sørgjer for at det er balanse i kraftsystemet, gjennom at tilbod og etterspurnad gir ein pris og eit kvantum. Høge prisar vil til dømes være eit signal om at det er knapt med kraft og dermed gi folk signal om å redusera forbruket. Statnett administrerer ein såkalla regulerkraftmarknad, som vert nytta til å sørgje for balanse i kraftsystemet i driftstimen, av di det ofte er skilnad mellom planlagt og faktisk produksjon og forbruk.

Statnett har sett i verk nye tiltak for å sikra ei forsvarleg drift til vinteren. Dei vil henta inn tilbod frå kraftprodusentar og store forbrukarar om å stilla effektreservar til disposisjon for Statnett i regulerkraftmarknaden. Fristen for å koma med tilbod er sett til 2. oktober. Eg kjenner dermed ikkje til kva for tilbod som har kome inn enno.

Statnett har også søkt NVE om dispensasjon for å utvida ein såkalla "3000 timers-regel" i NVEs forskrift for overføringstariffar til ein "5000 timers-regel". Statnett har fått innvilga dispensasjon. Dette fører til at det blir meir økonomisk gunstig for produsentar å oppretthalda aggregat som stort sett fungerer som ein effektreserve.

I tillegg har Statnett vedteke å endra fordelinga av kostnadene i sentralnettet, for 2001 og framover, i favør av kraftprodusentane. Dette gjer det også meir økonomisk gunstig å oppretthalda aggregat som stort sett fungerer som ein effektreserve.

Dei tre aktuelle anlegga, som Statkraft har tatt ut, er regulerte gjennom "Standardvilkår for bygging og drift av statens anlegg". NVE har nyleg slått fast at standardvilkåra fører til at Statkraft til ei kvar tid pliktar å halda anlegga i driftsmessig stand. NVE meiner at i fall Statkraft ikkje lenger ønskjer å oppretthalda drifta av aggregata, må Statkraft søkja konsesjonsstyresmaktene om endring av vilkåra, slik at dei aktuelle anlegga kan takast ut. I ei slik vurdering vil NVE ta omsyn til bedriftsøkonomien. NVE vil og vera varsame med å gripa inn i aktørane sine disposisjonar av eigen produksjonskapasitet fordi det kan øydeleggja motiva og engasjementet deira til å delta i marknadsbaserte løysingar.

Statkraft har informert om at dei nyleg har bestemt seg for å rehabilitera aggregata i Kvilldal og Saurdal. Effektkapasiteten (470 MW) vil vera tilgjengeleg til vinteren. I Vinje (100 MW) er arbeidet med prosjektering og vurderingar av lønsemd sett i gang, men dette aggregatet vil ikkje vera tilgjengeleg til vinteren etter som rehabiliteringa tek to år. Statkraft legg til grunn at lønsemd i Kvilldal og Saurdal kan verta sikra som følgje av endringane i overføringstariffane og inntekter frå sal i den nye effektmarknaden.