Skriftlig spørsmål fra John Dale (Sp) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:4 (2000-2001)
Innlevert: 03.10.2000
Sendt: 03.10.2000
Besvart: 09.10.2000 av nærings- og handelsminister Grete Knudsen

John Dale (Sp)

Spørsmål

John Dale (Sp): Hjørnesteinsbedrifta Norway Foods AS i Skånevik står i fare for å bli nedlagd. Bedrifta representerer 70 arbeidsplassar i eit bygdesamfunn med under 1000 innbyggjarar. Det er no viktig å samla krefter på tvers av politiske parti.
Kva for verkemiddel ser næringsministeren tilgjengeleg m.a. i det offentlege verkemiddelapparatet for samarbeid med private eigarinteresser om å bidra til vidare lønsam næringsmiddelproduksjon i åra framover ved fabrikkanlegget i Skånevik?

Begrunnelse

Eg viser til brev dagsett 27.09.2000 som stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn sende Næringsministeren om Norway Foods AS sitt konkrete framlegg om å leggja ned verksemda ved sardinfabrikken selskapet driv i Skånevik i Hordaland. Av brevet går alvorsgraden i situasjonen for lokalsamfunnet Skånevik, Etne kommune og Sunnhordlandsregionen fram. Det handlar om knapt 70 industriarbeidsplassar, dei fleste besett av kvinner. Alternativet kan vurdert reint bedriftsøkonomisk vera gradvis flytting av noko eller alt produksjonsvolum til Polen, der selskapet allereie har etablert sardinproduksjon. Det offentlege har ytt støtte til denne verksemda i vanskelege situasjonar tidlegare, og verksemda har etter det kunna halda fram med gode resultat. Etter mitt syn krev slike handslag frå samfunnet at eigaren er seg bevisst eit samfunnsansvar. Ein bør no få tid til å vurdera heile situasjonen, eventuelle offentlege engasjement, eventuelle nye eigarar og eventuell alternativ produksjon.
Dette er ei sak der alle interesser, på tvers av partipolitiske skiljeliner, bør samlast. Eg oppmodar derfor Næringsministeren om å ha kontakt med eigaren for i første omgang å bidra til at eit nedleggingsvedtak ikkje blir fatta komande veke. På lengre sikt ber eg Næringsministeren sterkt vurdera korleis det offentlege verkemiddelapparatet kan bidra til å leggja tilhøve til rette for vidare lønsam produksjon i Skånevik og dei to andre stadene i Hordaland der Norway Foods As driv sardinanlegg i dag.

Grete Knudsen (A)

Svar

Grete Knudsen: Norway Foods AS blei skipa i 1981 etter strukturrasjonalisering av norsk sardinindustri, og verksemda blei tatt over av Rieber & Søn i 1996. Konsernet har hovudkontor i Bergen og har m.a. tre hermetikkfabrikkar for sardinproduksjon i Hordaland (Eikelandsosen, Davanger og Skånevik). Eg har merka meg at Norway Foods AS ikkje greier å selje alt som fabrikkane produserer. Det verker ikkje som det er usemje om at det er store kostnader forbunde med å halde oppe ein struktur med produksjon ved tre fabrikkar.

Ved skipinga av Norway Foods AS i 1981 blei det løyvd i storleiken 60 mill. kroner i lån og stønad til investeringar og drift. Årsaka var m.a. eit ønske om å slå saman fleire fabrikkar for å skape ein lønsam struktur. I høve til den stønaden som blei gjeve i 1982 er det ikkje grunnlag for departementet til å gripe inn i denne saka.

Styresmaktene si deltaking i omstilling av bedrifter skjer gjennom Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) sine ordningar til eigenkapital, kompetanseheving og investeringar. I høve til dei distriktspolitiske ordningane er Skånevik i Etne kommune innafor det distriktspolitiske verkeområdet. Norway Foods AS vil derfor kunne søkje SND om midlar til eventuelle prosjekt for utvikling av verksemda. I tilfelle vil det vere viktig med nær kontakt mellom verksemda, Hordaland Fylkeskommune og SND sitt distriktskontor. Spørsmålet om ei eventuell medverking frå SND vil måtte bli vurdert av fondet ut frå dei retningslinene som er lagt. Det er ikkje aktuelt å gå inn med spesielle tiltak frå styresmaktene si side i saka.

Saka er tatt opp med Kommunal- og regionaldepartementet og samarbeidsrådet for Sunnhordland. Dersom ei så stor og viktig bedrift som Norway Foods AS i Skånevik blir lagt ned, kan det vere aktuelt å gå inn med omstillingsmidlar. Kommunal- og regionaldepartementet har gjeve tilsegn om omstillingsmidlar til kommunane Stord og Fitjar. I tilsegnsbrevet har departementet opna for ein større omstillingsregion:

"Kommunal- og regionaldepartementet åpner også opp for at andre kommuner i regionen kan komme med i omstillingsarbeidet som nå settes i gang i Stord og Fitjar. Kommuner som ønsker å delta i et større regionalt omstillingsarbeid (med utspring i Stord og Fitjar), tar selv initiativ overfor fylkeskommunen samt Stord og Fitjar kommuner. En utvidelse vil eventuelt kunne skje i forbindelse med første del av gjennomføringsfasen."

Dersom det er naturleg å kople Skånevik-problematikken inn dette arbeidet, kan Etne kommune søke om å delta ved å ta initiativ overfor Hordaland fylkeskommune og Stord og Fitjar kommunar.

Eg delar bekymringa for dei verknadene ei eventuell nedlegging kan få for kommunen og lokalsamfunnet Skånevik. Verksemda har orientert departementet om omstruktureringa i Norway Foods AS. Eg vil om kort tid ha kontakt med leiinga i Rieber & Søn for å bli oppdatert om dei framtidige planane for verksemda.