Skriftlig spørsmål fra May Britt Vihovde (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:29 (2000-2001)
Innlevert: 12.10.2000
Sendt: 12.10.2000
Besvart: 18.10.2000 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen

May Britt Vihovde (V)

Spørsmål

May Britt Vihovde (V): Etter lang førebuing var Bratsbergbanen (Skien-Notodden) klar til oppstart, i eit samarbeid mellom lokale kommunar, fylkeskommunen og NSB BA. NSB BA har no trekt seg frå prosjektet, grunna manglande togførarar.
Kva er status når det gjeld oppstart av Bratsbergbanen, og kva kan statsråden gjera for at togtilbudet kan starte?

Terje Moe Gustavsen (A)

Svar

Terje Moe Gustavsen: NSB har på kort sikt for få lokomotivførarar til å gjennomføre det fastlagte ruteprogrammet og har derfor måtte innstille delar av togtrafikken på fleire togstrekningar for å få kontroll over ruteproduksjonen slik at kundane kan stole på oppsett ruteprogram. Det gjeld mellom anna togtilbodet på Bratsbergbanen.
TIMEtoget Bratsbergbanen AS hadde planlagt å nytte lokomotivførarar med ein annan kompetanse enn NSBs lokomotivførarar. Det har blitt reist spørsmål ved om denne kompetansen gir naudsynt tryggleik i drifta. NSB som hovudeigar i selskapet, har vald ikkje å gjennomføre eit opplegg der det kan bli reist spørsmål om tryggleiken er godt nok ivareteke. Dette saman med mangelen på lokomotivførarar, har gjort at NSB har lagt planane om TIMEtoget på is.
Eg vil streka under at innstillinga av togtilbodet på Bratsbergbanen fra 20. oktober i utgangspunktet må sjåast på som eit tidsavgrensa tiltak som følgje av mangelen på lokomotivførarar. I St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011 (kap 7.4.3, side 95-96) er det lagt opp til å gjere ei brei vurdering av det samla region- og lokaltogtilbodet (herunder Bratsbergbanen) i samband med forhandlingane om ny rammeavtale for statleg kjøp av persontransporttenester frå NSB for perioden 2002-2005.