Sigvald Oppebøen Hansen (A): Regjeringa gjer i statsbudsjettet for 2001 framlegg om å innlemme det øyremerkte tilskotet til mobil bibliotekteneste og biblioteklokale i inntektssystemet. Eg er kjend med at nokre kommunar allereie hadde lagt ned mykje arbeid i planlegging og prosjektering då dette vart kjent.
Vil departementet iverksette overgangsordningar som vil ta i vare kommunar som hadde gjort vedtak om bygging før framlegget kom og slik sett hadde føresett statleg tilskot til bygging av biblioteklokale?
Begrunnelse
Eit døme på ein slik situasjon finn ein i Nissedal kommune der kommunen i ei årrekke har arbeidd med å finne høvelege lokale for bibliotek. I desember 1999 gjorde kommunestyret vedtak om å bygge nytt bibliotek. Kommunene føresette eit statleg tilskot på inntil 550 000 kroner i tråd med statsbudsjettet for 2000. Frå vedtak blei fatta og fram til i dag er det lagt ned mykje arbeid i planlegging og prosjektering. Etter at bygget var ute på anbod, blei byggekostnadane rekna til omlag 2 mill. kroner som ville ha utløyst eit øyremerka statleg tilskot på 550 000 kroner.
Kommunen finn det særs urimeleg dersom staten ikkje bidreg med dette tilskotet i og med at vedtak om bygging blei gjort i god tid før tilskotet blei føreslege innlemma i inntektssystemet. Eit mogleg utfall kan bli at prosjektet nok ein gong blir utsett på ubestemt tid på grunn av ein vanskeleg økonomisk situasjon.