Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:39 (2000-2001) Innlevert: 18.10.2000 Sendt: 18.10.2000 Besvart: 24.10.2000 av olje- og energiminister Olav Akselsen
Hallgeir H. Langeland (SV): Ved Elkem Salten er det planlagt en ombygging som blant annet gjør at store kraftmengder kan gjenvinnes. Energigjenvinningen kan spare 300 GWh, altså tilsvarende ca. to Beiarn-utbygginger.Hvilken strategi har statsråden for å sørge for at flere slike prosjekter kan bli realisert, eventuelt kan statsråden klargjøre hvor mange Beiarn-utbygginger eller gasskraftverk det er mulig å spare i slike prosjekter?
Olav Akselsen: I NOU 1998:11, "Energi- og kraftbalansen mot 2020", er dei samla moglegheitene for elektrisitetsproduksjon frå energigjenvinning i kraftkrevjande industri oppgitt til å vere om lag 1,3 TWh. Det er uvisse knytt til dette talet, som mellom anna er avhengig av dei framtidige kraftprisane. I tillegg kjem moglegheitene til å utnytte spillvarme til fjern- og nærvarme. Lokaliseringa av kraftkrevjande industri og mangel på kundar sett på si side grenser for kor mykje varme det er mogleg å utnytte direkte. Regjeringa vil føre vidare dei verkemidla som finnast i dag for å utløyse investeringar i energigjenvinning. Det kan gjevast støtte til forsking, utvikling og marknadsintroduksjon av teknologi for energigjenvinning. Blant anna er utviklinga av teknologien til det aktuelle anlegget det vert referert til, støtta gjennom Norges forskningsråd sitt Klimatek program. Investeringar i slike anlegg kan dessutan få støtte gjennom varmeanleggsordninga, som NVE er ansvarleg for. I tillegg er investeringar i utstyr for uttak av varme til fjern- og nærvarme friteke for investeringsavgift. Industri som sel elektrisitet frå energigjenvinning direkte til avgiftspliktig sluttbrukar kan få ein meirpris på krafta tilsvarande elavgifta, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99), Skatte- avgifts- og tollvedtak. Regjeringa går inn for å skipa eit nytt forvaltningsorgan som blant anna skal fremje miljøvennleg energiproduksjon. Eit breiare finansieringsgrunnlag og ei ny organisering skal gje sterkare og betre koordinert satsing med større vekt på konkrete tiltak og resultat som kan målast. Ei av oppgåvene til det nye organet vil vere å leggje til rette for blant anna auka energigjenvinning der det er egna. Så lenge det er naudsynt med økonomisk stønad må satsing på energigjenvinning i industrien vurderast opp mot anna miljøvennleg produksjon og energisparande tiltak. Vi når lengst i høve til dei langsiktige måla når vi ser dei ulike tiltaka i samanheng.