Skriftlig spørsmål fra Ågot Valle (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:57 (2000-2001)
Innlevert: 07.11.2000
Sendt: 09.11.2000
Besvart: 17.11.2000 av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad

Ågot Valle (SV)

Spørsmål

Ågot Valle (SV): Torsdag 2. november 2000 vart sju tamilar henta på Solbakken Asylmottak i Florø for å verte sende heim til Sri Lanka. Ein av desse var ei einsleg mor med sin to år gamle son. Ein annan av desse sju, var ein annan gut på 11 år og far hans. Guten har budd i Noreg halve livet sitt, og gått 4 år i norsk skule.
Er denne utsendinga, etter statsråden sitt syn, i tråd med internasjonale konvensjonar som barnekonvensjonen og kvinnekonvensjonen?


Vedlegg til spørsmål:

Avisartikkel i Bergens Tidende 7. november 2000, side 12, "Arrestert på Sri Lanka".

http://www.bergens-tidende.no/vis.html?id=104908

Begrunnelse

Barnekonvensjonen slår fast at i alle saker der barn er innblanda, skal det alltid handlast til det beste for barnet. I tillegg har departementet sjølv sagt, seinast i 1998, at einslege mødre frå krigsområda skal få opphaldsløyve. Trass i dette, vert begge gutane kasta ut av landet vårt denne veka. Mor til den 2 år gamle guten, ligg i skilsmål frå mannen sin, og har berre hans familie att på Sri Lanka. Ho står dermed utan støtteapparat for seg og sonen sin der. Guten på 11 år vert riven ut frå eit trygt liv i Noreg, og frå sine venner i 6. klasse på Krokane skule.
Dette er altså to barn som vert rive ut av eit trygt tilvære i eit samfunn der dei kunne fått den best tenkjelege starten på livet, for å bli overlate til ei uviss lagnad i eit utrygt samfunn.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Eg kan stadfeste at sju srilankiske borgarar, som hadde fått endeleg avslag på sine søknader om asyl og opphaldsløyve i Noreg, vart uttransporterte til Sri Lanka 03.11.2000. Gruppa bestod av eitt ektepar med eitt barn, og ein mann og ei kvinne med kvart sitt barn. Dei sju kom attende til heimlandet 04.11.2000.
Ein representant for Den norske ambassaden i Colombo var til stades på flyplassen da familiane kom attende til Sri Lanka. Ambassaden har opplyst at alle sju vart handsama i tråd med vanleg framgangsmåte av srilankiske styresmakter. Ambassaden har òg fått stadfesta at heile gruppa vart klarert for innreise neste dag, dvs. 05.11.2000. Alle sju har seinare møtt på ambassaden i Colombo. Dei har overfor ambassaden gitt uttrykk for at dei ikkje hadde hatt spesielle problem i samband med innreisekontrollen, som vart utført av representantar for lokale politi- og immigrasjonsstyresmakter. Dette tyder på at vurderinga til norske styresmakter har vore rett for så vidt gjeld spørsmålet om vern etter reglane i Flyktning-konvensjonen.
Eg vil no gjere greie for lagnaden til ein av dei tre familiane som er særskilt nemnd i spørsmålet.
Kvinna i familien vart saman med sin ektemake registrert som asylsøkjar 04.05.1998. Utlendingsdirektoratet avslo søknadene frå både ektemakane ved vedtak av 16.07.1998. Søkjarane klaga over vedtaka 12.08.1998. Justisdepartementet avslo begge klagene ved vedtak av 24.06.1999. I vedtaket til departementet vart det særskilt gjort merksam på at familien no hadde plikt til å reise frå Noreg. Ekteparet overheldt likevel ikkje utreisefristen.
Først i samband med at det vart sett fram krav om omgjering for tredje gong den 27.03.2000, vart det gitt særskilde opplysningar om barnet. Hovudpåstanden til ekteparet var at det var fare for at barnet kunne bli foreldrelaust dersom ekteparet måtte returnere til Sri Lanka. Òg deira tredje krav om omgjering vart avslått av departementet.
Den 02.11.2000, ca. 16 ½ månad etter at kvinna hadde fått endeleg avslag på sin søknad om asyl og hadde fått beskjed om at ho plikta å reise frå Noreg frivilleg, vart ho pågripen av politiet med sikte på at ho skulle sendast attende til heimlandet.
Same dag mottok Justisdepartementet opplysningar om at kvinna hadde vore åtskilt frå sin ektemake sidan sommaren 2000. I samband med krav om omgjering av 02.11.2000 vart det vedlagt ei erklæring frå ein psykiatrisk sjukepleiar datert 02.11.2000, og vist til at kvinna kom inn under dei retningslinjer for "einslege kvinner" som er omtala i spørsmålet. Òg det fjerde kravet om omgjering vart avslått ved avgjersla til departementet av 02.11.2000.
Eg kan stadfeste at saka har vore grundig vurdert etter retningslinjene om einslege foreldre med mindreårige barn frå krigsområda utan tilknyting til regjeringskontrollert område på Sri Lanka.
Pressemeldinga til Justisdepartementet av 23.02.1998 gjeld personar som søkte asyl før 23.02.1998. Personar som har søkt asyl etter dette tidspunktet er ikkje omfatta av meldinga. Likevel har departementet valt å bruke retningslinjene også i saker kor kvinner har søkt asyl etter 23.02.1998.
Det sentrale element i retningslinjene er knytt til situasjonen på Sri Lanka, anten slik den låg føre før søkjaren kom til Noreg, eller slik den låg føre på tida for vedtaket. Retningslinjene skulle i første rekke fanga opp personar som har dokumentert at dei før utreisa hadde vorte åtskilt frå sine ektefellar, og/eller der det på tidspunktet for vedtaket var truleg at det låg føre varige hindringar for samvere. Tilfelle som openbert ville falle inn under retningslinjene ville vere saker der det er godtgjort at ektemaken har vore internert i lang tid, eller er drepen i krigshandlingar.
I dei seinare åra har norske styresmakter diverre fått røynsle med at barn i aukande grad vert nytta for at foreldra deira skal få opphaldsløyve i Noreg. For mellom anna å hindre at nemnde ordning vert utnytta, har departementet kravd dokumentasjon på at det ligg føre hindringar for samvere på Sri Lanka som kan seiast å vera av varig karakter.
Det er opplyst at ektemannen til kvinna, ca. eitt år etter at endeleg vedtak var fatta i saka, vart borte frå eit asylmottak i Noreg. Dette inneber ikkje at kvinna etter retningslinjene kan seiast å vere "einsleg" ved retur til Sri Lanka. Opplysningar om at ho ynskjer å ta ut separasjon - som ho først sette fram etter at politiet hadde starta iverksetjinga av vedtaket - endrar ikkje denne vurderinga. I samband med dette vil eg peike på følgjande: Av pressemeldinga frå Justisdepartementet av 23.02.1998 går det klart fram at opphaldsløyve på humanitært grunnlag kan verte innvilga etter ei konkret vurdering.
I tilfelle der barn kjem til Noreg saman med foreldre som søkjer asyl, vert norske styresmakter ofte stilt overfor problem som særleg verkar inn på situasjonen til barnet. Omsynet til barnet vert alltid tillagt vekt. Fleire av dei opphaldsløyver som vert innvilga fordi det ligg føre sterke menneskelege omsyn, jf utlendingslova § 8 andre leddet, er innvilga av omsynet til barn. Sjølv om fysisk og psykisk helse hos barnet er moment som styresmaktene tar med i si heilskaplege vurdering, er det likevel ikkje slik at omsynet til barnet alltid er avgjerande, eller at det er heilt eintydig kva som er til beste for barnet.
Sett på spissen vil spørsmålet vere om omsynet til det beste for barnet veg så tungt at familiane burde gis opphaldsløyve på humanitært grunnlag. Dette er også vurdert i denne saka. Eg kan ikkje sjå at sjølve sakshandsaminga, eller det at dei tre familiane vart uttransporterte til Sri Lanka 03.11.2000, bryt med plikter som følgjer av dei traktatar Noreg har slutta seg til, herunder Flyktning-, Kvinne- og Barnekonvensjonane.
Dette tyder likevel ikkje at eg ikkje kan sjå at dei band asylsøkjarar generelt, og barnefamiliar spesielt, har etablert under sitt opphald i Noreg, i mange høve inneber at det kan opplevast som både vanskeleg og opprivande å måtte returnere til heimlandet.