Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:62 (2000-2001)
Innlevert: 09.11.2000
Sendt: 10.11.2000
Besvart: 22.11.2000 av arbeids- og administrasjonsminister Jørgen Kosmo

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Ein permittert automatikar fekk avslag på søknad om arbeidsløysetrygd p.g.a. at han er under utdanning/opplæring som han var då han var i fullt arbeid. For å få arbeidsløysetrygd må han slutta som deltidsstudent på IT-akademiet. Han har teke opp eit privat lån på kr. 55.000 for å ta dette studiet, og desse pengane ville vera heilt bortkasta om han sluttar nå.
Ser statsråden dette som rimeleg og i tråd med intensjonane i lov- og regelverk?

Vedlegg til spørsmål:

Brev fra Ørjan Jacobsen, Årsvollveien 197, 4312 Sandnes, til stortingsrepresentant Oddbjørg Ausdal Starrfelt. Datert 06/11/2000.

Begrunnelse

Orientering om saka fylgjer i notat frå vedkomande.
Saka er anka.
Her møter me ein ung mann som ynskjer å omskulera seg på grunn av plager. Han ynskjer å gjera dette samstundes med at han er i arbeid, vil klara det sjølv. Når bedrifta han er tilsett i må gå til permittering, får han avslag på søknad om arbeidsløysetrygd fordi han er under utdanning. Han får muntleg beskjed om at han vil få innvilga arbeidsløysetrygd dersom han sluttar i studiet. Dette vil skapa problem for han både på kort og lang sikt, og det vil verta dyrare for det offentlege. Det stimulerer i tillegg til passivitet i staden for aktivitet når ein får plager, og det fører til at vedkomande har teke opp eit stort privat lån utan å fullføra det studiet lånet skulle finansiera.

Jørgen Kosmo (A)

Svar

Jørgen Kosmo: Starrfelt stiller i brevet spørsmål som gjeld retten til dagpengar under arbeidsløyse når ein er under utdanning. Ho peikar på ei særskild sak kor ein person er gitt avslag på søknad om dagpengar fordi han er under utdanning.
Det er svært avgrensa høve til å ta utdanning når ein mottar dagpengar. Hovudregelen etter folketrygdloven (ftrl.) § 4-6, er at ein ikkje har rett til dagpengar når ein er under utdanning. Grunnen er at den som er under utdanning/opplæring ikkje reknast å vere reell arbeidssøkjar eller til rådvelde for arbeidsmarknaden, som er eit av hovudvilkåra for rett til dagpengar etter ftrl. § 4-5. Å være reell arbeidssøkjar tyder at ein er arbeidsfør og at ein raskt kan tiltre eitkvart arbeid/tiltak ein er fysisk og psykisk skikka til å ta, kvar som helst i landet.
Formålet med dagpengeordninga er vidare ikkje å finansiere ordinær utdanning med dagpengar. Ein slik ordning ville føre til ein urimeleg skilnad i behandlinga av personar som har rett til dagpengar og personar som må finansiere utdanninga ved å ta opp lån.
I forskrift om dagpengar av 16.09.1998 nr. 890 er det gjort enkelte unntak frå hovudregelen for enkelte former for opplæring og utdanning. Det unntaket som har interesse i den særskilde saka som Starrfelt nemner, framgår av § 4-2 nr 2 bokstav a. Denne regelen gir høve til å motta dagpengar når ein tar utdanning dersom undervisninga er utanfor normal arbeidstid og er tilpassa fulltidsarbeid. For at undervisning utanfor normalarbeidstid (kveld og helg) kan seiast å være tilpassa fulltidsarbeid, må undervisninga være avgrensa. Dette blir praktisert slik at det vert stilt krav om at studietida skal være dobbelt så lang som ved studiar på heiltid, slik at undervisninga kvar kveld er avgrensa i forhold til undervisning på dagtid.
Eg viser til at avslaget på søknad om dagpengar i denne saka er påklaga, og eg vil derfor ikkje ta stilling til denne særskilde saka. Eg vil likevel gjere merksam på at kveldsstudiet som IT-kandidat blir gjennomført i løpet av eit år, anten på dagtid eller kveldstid. Undervisningstida er halvert i kveldsstudiet, men omfanget av sjølve studiet er det same som for dagstudiet på heiltid. Dette inneber at studentane som følgjer kveldsundervisninga bruker den same tid som dei som følgjer undervisninga på dagtid, dvs. eitt år. Der samla omfanget av sjølvstudie og undervisning for studentar som følgjer kveldsundervisning er difor så omfattande at det har relevans for fortolkninga.
Eg ser at det kan virke urimeleg for den enkelte å ikkje få rett til dagpengar dersom han fortsett eit studium som han tidlegare har tatt i kombinasjon med arbeid. Hovudregelen om at ein ikkje har rett til dagpengar når ein er under utdanning og intensjonen om at dagpengar ikkje skal finansiere ordinær utdanning, gjer likevel at regelverket må praktiserast restriktivt. Det er nødvendig å ha ein klar skilnad mellom ordinær utdanningsfinansiering og dagpengar. Statens Lånekasse opplyser at studiet IT-kandidat er godkjend som eit deltidsstudium som gir rett til utdanningsstøtte.