Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:76 (2000-2001)
Innlevert: 17.11.2000
Sendt: 20.11.2000
Besvart: 27.11.2000 av barne- og familieminister Karita Bekkemellem

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Fleire organisasjonar driv kontakttelefonar for ulike grupper i Noreg. Røde Kors driv kontakttelefon for barn. I fjor var det 275.000 henvendingar til denne kontakttelefonen. Røde Kors finansierer det meste av dette arbeidet sjølv. For inneverande år har dei fått 200 000,- kr. frå Barne- og familiedepartementet.
Ser statsråden dette som ei rimeleg støtte, og korleis er støtta i høve til liknande tilbod for andre grupper?

Karita Bekkemellem (A)

Svar

Karita Bekkemellem: Eg kan som innleiing nemne at ifølgje tal frå Røde Kors årsrapport for 1999, blei det registret 224.000 innringingar til kontakttelefonen. Av desse blei 76.700 eller om lag 34 prosent av dei registrert som "reelle samtaler". Når det gjeld dei andre innringingane, la innringarane enten på røyret eller Røde Kors registrerte samtalene som "utprøvingssamtaler". Statistikken for 1998 syner 275.000 innringingar og 88.300 reelle samtaler. Eg nemner desse tala, fordi dei illustrerer viktige nyansar om ein skal prøve å tallfeste aktiviteten til Barn og unges kontakttelefon.
I debatten om statlege løyvingar til kontakttelefonen, har ein samanlikna med andre hjelpetilbod over telefon som Kirkens SOS, Mental Helses Hjelpetelefon, Sosial vakttjeneste og SUSS (Senter for Ungdom, Samliv og Seksualitet). Både i absolutte tal og i prosent av budsjettet, mottar desse tiltaka langt meir statleg støtte enn Røde Kors får til kontakttelefonen. Til dømes får Mental Helses Hjelpetelefon 5, 2 mill. kr. i støtte frå Sosial- og helsedepartementet i år.
Eg meiner dei andre telefontenestene berre til ein viss grad kan samanliknast med Barn og unges kontakttelefon. Barn og unges kontakttelefon er som det også går fram av statistikken frå Røde Kors ei generell teneste. Barn og unge ringer inn om mange temaer, og relativt få av samtalene gjeld barn og unge i krise. Dei andre nemnde telefonane har preg av å vere krisetelefonar eller å drive målretta helseopplysning.
Barn- og familiedepartementet har gitt støtte til Barn og unges kontakttelefon frå 1992. Dei første åra gjekk støtta til eit forsøksprosjekt med ei sentralisert "bakvaktordning" i Oslo. Ved tildeling av midlar har departementet lagt vekt på å stimulere til utviklingsarbeid knyta til kontakttelefonen. Departementet har korkje gjeve lovnader eller sendt ut signal om at statlege styresmakter kjem til å dekke ei aukande del av budsjettet i åra framover.
I høve til Barne- og familiedepartementets budsjett, er det berre aktuelt å gje støtte til kontakttelefonen over kapittel 854, post 71 Tiltak i barne- og ungdomsvernet - utvikling og opplysningsarbeid. Dette er ein post kor det er naudsynt å prioritere mellom mange gode tiltak.
Som avslutning vil eg streke under at eg meiner Barn og unges kontakttelefon fyller ein viktig funksjon, og at dette i stor grad skjer på grunn av frivillig innsats frå medlemmar i Røde Kors.