Petter Løvik (H): Den maritime sektoren er eit av våre absolutt sterkaste og mest velfungerande næringsmiljø. Stortinget har seinast i samband med Forskingsmeldinga uttalt at FoU-innsatsen på dette området må aukast for å sikre Norges sterke posisjon. Frå fleire deler av miljøet blir det no påpeika at dei offentlege løyvingane er for små og strategien for uklar på dette området.
Kva mål og strategiar har statsråden når det gjeld maritim forsking?
Begrunnelse
Den maritime næringsklyngen er eit av dei sterkaste miljøa i det norske næringslivet. Det er vårt mest internasjonale miljø og det er så godt som reint kompetansebasert. Det er dette miljøet si evne til å utvikle og anvende ny kunnskap som skaper desse fortrinna. Den sterke internasjonale tilknytinga skaper store mulegheiter, men også mange utfordringar. Forsking og utvikling er, som stadig fleire område, uavhengig av landegrenser. Kompetansen og utviklingsavdelingane søkjer ofte dit miljøet og rammebetingelsane er best.
Stortinget har uttalt seg svært positivt om behovet for auka satsing på maritim forsking. I innstillinga til Forskingsmeldinga seier ein samrøystes KUF-komite: "Komiteen konstaterer at maritim sektor er en av Norges få komplette næringsklynger, og en av de næringer der Norge på flere områder har en ledende internasjonal posisjon. Øket FoU-innsats innenfor de forskjellige deler av maritim sektor er nødvendig for å sikre Norges posisjon som internasjonalt ledende sjøfartsnasjon".
Dei maritime næringane har trappa opp eigeninnsatsen, og vil halde fram med dette. Men signala frå næringane går ut på at den offentlege satsinga på ingen måte aukar i same grad, og dei oppfattar dette som eit negativt signal. Det har også kome signal om at strategien for satsinga på maritim forsking verkar uklar. Mellom anna blir programmet "Maritim" avslutta komande år og det verkar uklart kva som vil kome etter dette.