Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:84 (2000-2001)
Innlevert: 24.11.2000
Sendt: 24.11.2000
Besvart: 04.12.2000 av nærings- og handelsminister Grete Knudsen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Dei vedtaka som er gjort i Stortinget om pensjonar for tilsette ved avviklinga av AS Sydvaranger har i ettertid vist seg seg å gi svært ulike vilkår for einskilde grupper tilsette.
Vil statsråden i samband med oppgjeret etter salet av staten sine aksjer i verksemda ta initiativ for å bøta på dette?

Begrunnelse

Den 28. april 1994 vart St.prp. nr. 41 (1993-94) om A/S Sydvaranger og omstillinga i Sør Varanger lagt fram. For å gjera A/S Sydvaranger lønsam vart det m.a. vedteke å redusera antalet tilsette frå 600 til 200 innan 31. desember 1997. I proposisjonen blei det føreslege ei friviljug førtidspensjonsordning for tilsette i aldersgruppa 60-67 år i perioden 1. januar 1994 - 31. desember 1996. Pensjonsordninga som blei innført var lik den som var brukt ved avviklinga av Sulitjelma Bergverk A/S i 1987 og Norsk Jernverk A/S i 1998.
Omstillinga gjekk ikkje etter planen, og våren 1996 vart det gjort vedtak om styrt avvikling. Dermed blei det i løpet av eit år ytterlegare 200 som mista arbeidet i Kirkenessamfunnet.
I St.prp. nr. 63 (1996-97) heiter det m.a.: "Blant dei som nyleg er blitt eller blir ledige frå Sydvaranger ASA, er det 55 personar i aldersgruppa 56-60 år som ein reknar med vil ha spesielt store vanskar med å finne seg nytt lønt arbeid. Fleire av dei har vore tilsette i verksemda i nærare 40 år". Departementet "går (difor) inn for at det blir etablert ei ny frivillig førtidspensjonsordning."
Så vart gjort. Det viser seg no at dei to pensjonsordningane slår urettvist ut. Dei som kjem inn under den første ordninga, får 80% av lønsgrunnlaget, opptening av pensjonspoeng og utbetaling frå ei kollektiv forsikring frå fylte 67 år, alt løyvd over statsbudsjettet. Dei som kom med i ordning nr. 2 får frå fylte 60 år og til fylte 67 år 66% av lønnsgrunnlaget og inga opptening av pensjonspoeng. Det blei heller ikkje løyvd pengar til den kollektive pensjonsforsikringa.
I 1998 vart det forhandla fram ei ordning som gjorde at dei førtidspensjonerte etter den siste ordninga kunne tena inntil 1 G, utan reduksjon i pensjonen. I ettertid er det lett å sjå at dette har fått uheldige utslag, særleg av di det i praksis er svært få som har kunna skaffa seg inntekt opp til 1 G. Forskjell i årsinntekt mellom omtrent like gamle arbeidskollegaer med same kunnskap og same praksis vert opp til 50 000 kr. Og forskjellane vil relativt sett auka etter fylte 67 år.
Nokre av dei denne saka gjeld blei oppmoda av leiinga om ikkje å søkja nytt arbeid, verksemda hadde behov for den spesielle kompetansen deira. Etter vel to år vart dei likevel oppsagde. Da vart dei sist i køen av arbeidslause og var blitt 2 - 3 år eldre.
At ei vanleg pensjonsordning normalt gjev utbetaling på 66% er eit argument. I dette høvet er det eit dårleg argument. Det at ein har to ulike førtidspensjonsordningar i same verksemd har forståeleg nok skapt sår og frustrasjon i lokalsamfunnet. Det er dessutan grunn til å merka seg at det seinare, i samband med reduksjon av tilsette i andre statlege verksemder, er innført langt betre førtidspensjonsordningar.
At det viser seg at det er laga eit urettvist system, gir grunn for å retta det opp att når det gjev seg høve. Og no gjer det det. Nokre av dei pengane staten har fått etter salet av aksjane i Sydvaranger ASA, kan disponerast for å bøta på den uretten som er skapt.
Dette er ei stor sak for dei det gjeld. Økonomisk sett er det ei relativt lita sak, men ikkje uvesentleg som ei rettferdssak. Eg vonar statsråden vil ta naudsynte grep for å finna fram til ei rimeleg ordning.

Grete Knudsen (A)

Svar

Grete Knudsen: I ettertid kan det konstateres at vilkårene i førtidspensjonsordningen fra 1994 ved Sydvaranger var meget gunstige for de aktuelle førtidspensjonistene, sett i forhold til 1997-ordningen ved Sydvaranger og tilsvarende ordninger i andre bedrifter. I tillegg til en høy ytelsesgrad (80 pst.) dekket 1994-ordningen en videreføring av premie-innbetalingene til kollektiv pensjonsforsikring, samt kompensasjon for tap av pensjonspoeng i Folketrygden. Slike tilleggsytelser har ikke vært vanlig og var ikke inkludert i de pensjonsordningene som ble brukt ved Sulitjelma Bergverk og Norsk Jernverk.

1994-ordningen ble etablert ved at regjeringen i St.prp. nr. 41 for 1993-94 gikk inn for å bevilge et tilskudd på 58,4 mill. kroner til en frivillig førtidspensjonsordning ved Sydvaranger som omfattet om lag 60 personer i aldersgruppen 60 - 67 år. Stortinget sluttet seg 13. juni 1994 til forslaget ved behandlingen av Innst. S. nr. 175 for 1993-94.

Ved stortingsvedtak 20. juni 1997 ble det besluttet å opprette en ny frivillig førtidspensjonsordning for om lag 50 tidligere ansatte ved Sydvaranger som fylte 60 år i perioden 1997 - 2001, jf. St.prp. nr. 63 for 1996-97 og Innst. S. nr. 295 for 1996-97. Ordningen ble finansiert med statlige tilskuddsbevilgninger på i alt 56 mill. kroner over statsbudsjettene for 1997 og 1998. Vilkårene for 1997-ordningen ved Sydvaranger ble omtalt relativt detaljert i St.prp. nr. 63, som lå til grunn for Stortingets vedtak. På dette grunnlag anser jeg således denne saken som avsluttet.

For øvrig vil jeg nevne at de ansattes organisasjoner nylig har tatt opp med departementet spørsmålet om 1997-ordningen kan gjøres gjeldende for ytterligere 3 personer. Disse har tidligere vært ansatt ved A/S Sydvaranger, men falt av forskjellige grunner utenfor den gruppen som sommeren 1997 mottok tilbud om førtidspensjonering. Departementet stiller seg i utganspunktet positiv til denne forespørselen, og vil ta endelig stilling når et tilstrekkelig faktagrunnlag foreligger.