Petter Løvik (H): På mange område i samfunnet er det mangel på kompetanse når det gjeld informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Hausten 1999 vart det difor sett i gang eit VKI-kurs i IKT-driftsfag i vidaregåande opplæring. Dette er nå godt i gang. Rundskriv F-49-00 blir oppfatta slik at IKT-driftsfag skal takast bort som eige fag.
Vil statsråden bidra til at dette viktige faget får halde fram som eige fag med ei brei rekruttering frå alle grunnkursa?
Begrunnelse
"Du treng ikkje vere sivilingeniør for å stå føre den daglege drifta av eit dataanlegg", var ein av hovedgrunnane til at vi fekk eit eige IKT-driftsfag i vidaregåande opplæring. Faget vart m.a. oppretta for å utvikle eit fag for medarbeidarar i bedriftene som kunne ta seg av det daglege interne servicearbeidet på bedrifta sine datamaskiner, nettverk, program og datakommunikasjonsverktøy.
Faget er nå i gang på andre året. Der var om lag 2000 søkarar til dei 850 plassane, og det ser ikkje ut til å vere problem med læreplassar. IKT er viktig på dei fleste område i samfunnet, og det har vore ein styrke at VKI-kurset har rekruttert frå alle grunnkursa.
Både næringslivet og IKT-bransjen har reagert sterkt på det som departementet no legg opp til. Det blir m.a. hevda at når IKT-driftsfag berre skal vere ein disiplin innanfor eit VKI salg og service, vil ein ikkje få dekka behovet for IKT-kompetanse. Så omfattande og sammensett som eit slikt kurs vil måtte vere, vil sjansane til å få utvikla kompetanse på IKT-drift utover det heilt ordinære bli svært små. Det blir også reagert på at kurset skal rekruttere berre frå fire av grunnkursa, og at dette vil avskjere mange elevar og faggrupper frå å få ein kompetanse på IKT-området som kan vere svært nyttig.