Svar
Guri Ingebrigtsen: Økonomisk stønad etter sosialtenestelova skal vere ei kortvarig yting i ein situasjon der ein person ikkje sjølv kan syte for sitt eige livsopphald gjennom arbeid eller ved å gjere gjeldande økonomiske rettar. Dei rettleiande retningslinjene for utmåling av stønad til livsopphald, som Sosial- og helsedepartementet har gitt i rundskriv I-13/2001, er difor retta inn mot det løpande, daglege livsopphaldet. Retningslinjene omfattar utgifter til mat og drikke, klede og sko, helse og hygiene, andre daglegvarer, TV-lisens, avis og telefon, fritidsaktivitetar, fritidsutstyr for barn og bruk av offentleg kommunikasjon i samband med daglege gjeremål (transportutgifter). Dette er utgifter som inngår i "kjerneområdet" i livsopphaldet, jf. rundskriv I-45/98 om stønad til livsopphald, § 5-1. Buutgifter, strøm og oppvarming, hus- og innbuforsikring, samt utgifter til møblar og kvite varer inngår også i "kjerneområdet" i livsopphaldet, men er ikkje inkludert i utrekningsgrunnlaget for dei rettleiande retningslinjene. Disse utgiftene er utsette for individuelle og/eller geografiske variasjonar, og spørsmål om stønad til dekning av denne typen utgifter må vurderast særskilt i kvart enkelt tilfelle. Også utgifter som i rundskriv I-45/98 er definert som "Spesielle utgifter" må vurderast konkret i høve til om dei skal sjåast som nødvendig for livsopphaldet for den enkelte.
SIFOs standardbudsjett viser kostnadene ved å oppretthalde eit rimeleg og alminneleg forbruksnivå for ulike typar hushald. Budsjettet er eit langtidsbudsjett som, i tillegg til daglege, løpande utgifter, også omfattar utgifter som sjeldnare innkjøp av varige forbruksgjenstandar. Standardbudsjettet omfattar, i tillegg til dei utgiftskomponentane som er omfatta av dei rettleiande retningslinjene for stønad til livsopphald, utgifter til fritidsutstyr for vaksne, spedbarnsutstyr, kvitevarer, møblar og diverse andre artiklar knytt til hushaldet, innbuforsikring, bilkostnader og barnehage. Dei rettleiande retningslinjene for utmåling av stønad til livsopphald skal dekka daglege, løpande utgifter på eit forsvarleg, men nøkternt nivå.
SIFOs standardbudsjett for forbruksutgifter rommer vidare satsar for kvinner og menn i ulike aldrar, samt ein relativt detaljert aldersdifferensiering for barn. Dei rettleiande retningslinjene for utmåling av stønad til livsopphald er gjevne med felles satsar uavhengig av kjønn, samt med tre aldersintervall for barn. Dette fører også til skilnader i satsnivå. Departementet har i samband med utarbeidinga av dei rettleiande retningslinjene gjort seg nytte av den forskinga og metodiske tilnærminga som ligg til grunn for SIFO sine satsar.