Petter Løvik (H): Stortinget har bedt departementet ta initiativ til at fleire nye riksvegferjer blir bygde med gass som drivstoff og at det vert lagt til rette for å sikre drivstoffleveransar til slike ferjer.
Når og korleis vil statsråden følgje opp dette, og kan det vere aktuelt å gi eit snarleg klarsignal til bygging av ei slik ferje i sambandet Seivika - Tømmervågen i Møre og Romsdal?
Begrunnelse
Stortinget har fleire gonger uttalt seg positivt om bruk av gass i ferjesektoren på grunn av dei reduserte utsleppa dette medfører. Ei uvisse ved gassdrift har vore sikker forsyning av LNG, men dette problemet ser nå ut til å vere i ferd med å bli løyst. Samferdselskomiteen i Stortinget har i Innst. S. nr. 119 (2000-2001) Nasjonal transportplan m.a. vist til tilbodet om levering av LNG frå Tjeldbergodden Luftgassfabrikk SA og Statoil Marketing, og at Statens vegvesen har vurdert dette som mest interessant. Komiteen har også vist til Statens vegvesen si vurdering om at det ligg best til rette for nybygging av gassferjer for bruk i området mellom Trondheimsfjorden og Molde.
Komiteen har i samband med dette nemnt strekningane over Moldefjorden og Trondheimsfjorden som aktuelle. Dette er etter måten store samband som vil trenge nokre månaders prosjektering. Strekninga Seivika-Tømmervågen er eit mindre prosjekt der Møre og Romsdal Fylkesbåtar har planane heilt klare og vil kunne gå ut i marknaden så snart dei får klarsignal. Seivika - Tømmervågen ligg spesielt godt til rette for gassdrift sidan strekninga har kort avstand til Tjeldbergodden.