Hallgeir H. Langeland (SV): USA har lenge arbeidd med planar for utplassering av eit nasjonalt rakettforsvar( NMD), og ulike kjelder, m.a. russiske, har knytt ein radar i Vardø til planane. President Bush vil utvikle og utplassere NMD. Det er stor skepsis til dette i heile verda. Dette m.a. fordi eit amerikansk rakettforsvar vil bryte med den viktige ABM-avtalen frå 1972. Det verste er likevel at ei utvikling av NMD vil utløyse ein ny rustningsspiral.
Kva gjer utanriksministeren for å hindre eit nytt atomvåpenkappløp?
Begrunnelse
Viser til tidlegare spørsmål om NMD før valet av Bush til ny president i USA. Dette til såvel den førre som den noverande Regjeringa. Viser også til varsla interpellasjon 7. mars d.å, som diverre måtte trekkast.