Skriftlig spørsmål fra Sverre J. Hoddevik (H) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:315 (2000-2001)
Innlevert: 02.04.2001
Sendt: 02.04.2001
Besvart: 06.04.2001 av fiskeriminister Otto Gregussen

Sverre J. Hoddevik (H)

Spørsmål

Sverre J. Hoddevik (H): Fiskeridepartementet har avgjort at påskestoppen i fisket etter torsk, sei og hyse nord for 62°N vert gjennomført som planlagt. Dette har ført til kraftige reaksjonar frå næringa som påpeikar at stoppen og rammar dei som primært fiskar på andre fiskeslag. Den aktuelle perioden er ein særleg god fangstperiode med god kvalitet på fisken.
Kva er den faglege grunngjevinga for å stanse fisket i eit så stort område når dette får så store negative fylgjer for fiskerinæringa, og kva skal til for å gjere om vedtaket?

Begrunnelse

Fiskeridepartementet har avgjort at den såkalla påskestoppen i fisket etter torsk, sei og hyse nord for 62°N frå laurdag 7. april til måndag 16. og tysdag 17. april vert gjennomført som planlagt. Dette til tross for at både eit stort fleirtal i Reguleringsrådet og næringa sjølv har bede om ei innkorting av påskestoppen. Noregs Fiskarlag hevdar m.a. at det er tvilsamt om det biologisk har nokon verknad å stoppe fiske etter torsk, sei og hyse i denne perioden. Det er vist til at Havforskingsinstituttet ikkje kan dokumentere positiv effekt av tiltaket. Fiskestoppen har store negative konsekvensar for verdiskapinga i næringa. Den aktuelle perioden er ein særleg god fangstperiode med god kvalitet på fisken. Stoppen rammar dessutan og dei som primært fiskar på andre fiskeslag sør for 70020'N. Ein må forutsette at det ligg føre ein særleg god fiskerifagleg grunngjeving for eit så omfattande og dramatisk tiltak.

Otto Gregussen (A)

Svar

Otto Gregussen: For flåten som fiskar med konvensjonelle reiskapar har det sidan tidleg på åttitalet, i større eller mindre grad, vore stopp i fisket i samband med påska. Frå 1990 vart regelen også gjort gjeldande for trålflåten. Bakgrunnen for påskestoppen var at Noreg i fiskeriavtalen mellom Russland og Noreg forplikta seg til å iverksette tiltak for å betre gyteforholda for torskebestanden.

Fiskeriavtalen mellom Russland og Noreg legg frå og med 1995 ikkje lenger føringar med omsyn til å iverksette tiltak for å betre gyteforholda, men begge partane er opptekne av å sikre god rekruttering til torskebestanden. Sidan gytebestanden er under "føre-var" grensa på 500 000 tonn er det gode biologiske grunnar for å gjennomføre påskestopp også i 2001.

Fiskeriaktiviteten i Lofoten er stor. Årleg blir om lag 10 pst. av gytebestanden fiska i dette området. Den store fangstinnsatsen kan, i følgje Havforskingsinstituttet, uroe torsken under gytinga. Dette kan resultere i at ikkje alle gytefelta blir like godt utnytta. Helgefredinga gir torsken ro i ein kort periode, men ein lengre påskestopp vil kunne gje torsken ro og høve til å samle seg for gyting.

Lofotfisket utgjer ein liten del av det totale fisket på gytebestanden, slik at eventuelle tiltak må i følgje Havforskingsinstituttet vurderast i eit større område.

Havforskingsinstituttet har ikkje gjort målingar på effekten av påskestoppen, men tilrår, så lenge torskebestanden er under oppbygging, at det innførast påskestopp i fisket etter torsk, basert på ei "føre-var" tilnærming.

Når Fiskeridepartementet vurderte påskestoppen på nytt i slutten av mars var det etter Fiskeridirektoratet si oppfatning ikkje observert endringar i gytebestanden av norsk arktisk torsk som skulle tilseie at ein burde oppheve påskestoppen. Heller ikkje utviklinga i fisket etter torsk, sei og hyse skulle tilseie at det er behov for å oppheve den fastsette påskestoppen.

Det direkte fisket etter hyse for fartøy under 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskapar vart i 1. periode stoppa den 18. februar, og det er berre høve å ta hyse som bifangst fram til 2. periode startar 1. mai. Det direkte fisket etter sei for denne flåten er varsla stoppa søndag 1. april, og det vil såleis berre være høve til å fiske sei som bifangst fram til 2. periode startar 1. mai. Høvet til å fiske bifangst gjeld sjølvsagt ikkje under påskestoppen.

I fisket etter torsk med konvensjonelle reiskapar nord for 62°N har fangstutviklinga, kvantumsmessig, vore betre enn i fjor. Denne flåten har pr. 18. mars 2001 (veke 11) fiska 48 467 tonn, mot 42 897 tonn på same tid i 2000. I tillegg er det frå Norges Råfisklag meldt om svært godt fiske både i veke 12 og 13, og det kan sjå ut til at det vil kunne bli nødvendig å stoppe det direkte fisket etter torsk før 1. mai dersom fisket er like godt i tida framover. Påskestoppen reduserer faren for stopp i det direkte fisket etter torsk før 1. mai.

I dei siste åra har det, både frå fiskarar og frå landsida, vore eit krav om at fastsette reguleringar i størst mogleg grad bør stå fast frå byrjinga av året, slik at fiskarane og landindustrien kan planleggje drifta. Dette er faktorar som er med på å støtte opp om vedtaket om ikkje å gjere endringar i påskestoppen.

På bakgrunn av ovannemnde vil eg ikkje iverksetje endringar i påskestoppen.