Skriftlig spørsmål fra Inge Myrvoll (SV) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:316 (2000-2001)
Innlevert: 02.04.2001
Sendt: 02.04.2001
Besvart: 06.04.2001 av olje- og energiminister Olav Akselsen

Inge Myrvoll (SV)

Spørsmål

Inge Myrvoll (SV): I forbindelse med behandling av St.meld. nr. 29 (1998-1999) ble det vektlagt at det skal være en fordel for industri å være lokalisert nær kraftproduksjonen. Dette for bl.a. å kreditere innmating og uttak som gir lavere tap, avlaster sentralnettet.
Hvordan har arbeidet med tariffene i kraftsystemet så langt resultert i reduksjon av kraftkostnadene for industribedrifter som ligger i områder med kraftoverskudd og hvilke tiltak planlegges videre?

Olav Akselsen (A)

Svar

Olav Akselsen: Departementet syner til Innst. S. nr. 122 (1999-2000), jf. St.meld. nr. 29 (1998-1999): "Flertallet viser til at kraftprisene og energileddene i overføringstariffen gir produsenter og forbrukere av kraft viktige økonomiske signal når det gjelder den kortsiktige og langsiktige tilpasningen. De faste leddene i tariffen er bare av betydning for den langsiktige tilpasningen. Flertallet ser det som naturlig at problemstillinger vedrørende riktigere langsiktige signaler til produsenter og forbrukere i større grad vurderes ved tarifferingen." "En geografisk differensiering av de faste leddene kan av denne grunn være aktuelt." "Et viktig utgangspunkt for en eventuell differensiering av fastleddene må være at tariffene eventuelt kan gi bedre langsiktige signaler for produsenter og forbrukere av kraft, for eksempel ved lokalisering eller ved effektutvidelser/reduksjoner."

Vidare vart det i innstillinga sagt at: " Flertallet viser til at det er en bred debatt i bransjen angående tarifferingsprinsipp for de faste leddene i tariffen. Bransjen, NVE og departementet har satt i gang flere ulike utredningsprosjekt. Utforming av tariffer reiser mange prinsipielle og ikke minst praktiske spørsmål. Endringer av utformingen av tariffen vil kreve endring av forskrift med tilhørende bred høringsrunde som vil omfatte alle involverte parter.", samt at: "Flertallet legger til grunn at for den videre utviklingen av overføringstariffene skal hensynet til effektiv bruk av nettet, effektive investeringer og akseptabel leveringskvalitet i alle deler av nettet vektlegges."

Overføringstariffen er som nemnt ovanfor sett saman av eit energiledd og eit eller fleire faste ledd. Energileddet avheng av den fysiske mengda kraft som vert mata inn eller tatt ut frå nettet, og det er i dag i hovudsak dette leddet som legg til rette for ein effektiv bruk av nettet. Dei faste ledda skal i hovudsak sørgje for tilstrekkelege inntekter i høve til inntektsramma.

Som omtala i St.meld. nr. 29 (1998-1999) er energileddet i sentralnettet basert på marginaltapsprosentar som er berekna for kvart einskild punkt i sentralnettet, spotprisen for kvar einskild time og fysisk mengde som vert mata inn eller tatt ut frå sentralnettet. Tapsprosentane er positive eller negative ettersom endra innmating eller uttak i punktet bidreg til å auka eller redusera overføringstapa i nettet. Energiledda i sentralnettet fører til at dei som avlastar nettet får eit negativt energiledd, og vert dermed kreditert for plasseringa si.

I regionalnetta er det nokre som nyttar punktvise energiledd slik som i sentralnettet, mens andre nyttar gjennomsnittstal for nettområdet. Departementet har bede NVE om å vurdera om ein skal innføra punktvise tapsprosentar i alle regionalnetta. NVE er ikkje ferdige med vurderinga. Departementet meiner at dersom det er praktisk mogeleg vil punktvise tapsledd føra til ei meir effektiv utnytting av overføringsnettet. Mange større industriverksemder er knytta til regionalnetta, og ei endring her vil såleis kunne gje negative energiledd til dei forbrukarane som avlastar nettet.

Fleire i bransjen, NVE og departementet har gjennomført ulike utgreiingar for mellom anna å vurdera moglegheitene for ei geografisk differensiering av dei faste ledda i sentralnettet. Fleire fagmiljø var på prinsipielt grunnlag skeptiske til om geografisk differensiering ville gi betre langsiktige signal. Departementet gjekk likevel vidare og fekk gjennomført ulike utrekningar. Utrekningane ga ikkje grunnlag for å gå vidare med arbeidet med geografisk differensiering av dei faste ledda.

Departementet og NVE arbeider vidare med spørsmåla omkring kva som kan gi betre langsiktige signal til produsentar og forbrukarar. Mange forskarar, både i Noreg og i utlandet, arbeider med desse spørsmåla, mellom anna fordi kraftmarknadsreformer vert innført i mange land. Det er særs vanskelege spørsmål og ingen har kome fram til gode løysingar enno.

NVE har arrangert ein seminarserie kor ulike spørsmål knytta til endringar i føreskrifta for overføringstariffar har vore diskutert. Organisasjonane i bransjen har delteke i desse. NVE arbeider no med endringar i føreskriftene. Forslag til endringar skal etter planen sendast på høyring i midten av mai.