Skriftlig spørsmål fra Lars Gunnar Lie (KrF) til finansministeren

Dokument nr. 15:322 (2000-2001)
Innlevert: 04.04.2001
Sendt: 04.04.2001
Besvart: 23.04.2001 av finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Lars Gunnar Lie (KrF)

Spørsmål

Lars Gunnar Lie (KrF): Er det mogleg å utvide fritaket for passasjeravgift som i dag gjeld for flyruter i Nord-Noreg til å gjelde heile regionalnettet utan å komme i strid med EØS-avtala?

Begrunnelse

Frå 1. april gjeld passasjeravgifta for alle flyruter i Sør-Noreg, og flyruter frå Sør-Noreg. Flyruter til og innan Nord-Noreg er framleis fritatt frå avgifta, med unntak av ruter til/frå Sør-Noreg til Bodø og Tromsø, samt ruter mellom Bodø og Tromsø. Avgifta har ført til en kraftig prisauke på nokre strekningar, og slår prosentvis mest ut for billege billettar. Avgifta kan føre til at ei rekke ruter i Sør-Noreg som til no har vorte drive utan statstilskott, må leggast ut på anbud, jf. St.prp. nr. 1 Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 3.19. Dersom det vert naudsynt å leggje rutene ut på anbud, kan det fort koste like mykje som avgifta gjev i inntekt.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (A)

Svar

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen: Det er riktig at flypassasjeravgifta frå 1. april 2001 gjeld for alle flyruter i og frå Sør-Noreg. Flygingar til og frå lufthamn i Nordland, Troms og Finnmark er fritatt for avgifta. Fritaket gjeld ikkje flygingar til og frå lufthamn i Tromsø og Bodø. Endringa i flypassasjeravgifta må sjåast i samanheng med meirverdiavgiftsreforma. Frå 1. juli 2001 blir det innført nullsats på luftfart. Endringa i meirverdiavgiftsregelverket inneber at flyselskapa kan trekkje frå inngåande meirverdiavgift på til dømes drivstoff til bruk på innanlandsruter. Sjølv om det har skjedd ei auke i passasjeravgifta, har Regjeringa difor lagt til grunn at omlegginga totalt sett ikkje skal auke avgiftene.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) ga i brev 30. mars 2001 melding om at fritaket for passasjeravgifta for dei tre nordlegaste fylka blir rekna for å vere i strid med regelverket for statsstøtte. ESA viser til at ein etter dette regelverket kan gi statsstøtte av sosial karakter. Det er likevel berre forbrukarar som kan motta støtte, ikkje verksemder. Av di fritaket for passasjeravgifta gjeld både for forbrukarar og verksemder, legg ESA til grunn at fritaka ikkje er i samsvar med regelverket for statsstøtte. Vidare påpeikar ESA i brevet at fritaket ikkje berre gjeld for personar som er busett i dei områda som er omfatta av fritaka, og at dette fører til at fritaka ikkje er i samsvar med reglane for statsstøtte.
Brevet frå ESA vart nettopp motteken, og vi har sett i gang ei nærare vurdering av dette. Ei ytterlegare utviding av dette fritaket framstår derfor som vanskeleg. Eg vil koma tilbake til Stortinget med ei orientering så snart som mogleg.
Eg gjør elles oppmerksam på at ei liknande problemstilling er tatt opp i spørsmål nr. 323 til skriftleg svar frå Ivar Østberg.