Hallgeir H. Langeland (SV): ABM-avtalen har i 30 år regulert og gjeve forbod mot å byggje ut eit rakettforsvar. 1. mai i år sette president George W. Bush i realiteten heile ABM-avtalen ut av spel. Han provoserer nå verdssamfunnet ved å gå vidare med planane om eit rakettskjold over USA. Motiva for dette kan sikkert diskuterast, men det vil utvilsamt starte eit nytt atomvåpenkappløp og det kan utløyse ei internasjonal krise.
Vil utanriksministeren gje klar melding om at Norge vil motarbeide desse urovekkjande planane?
Begrunnelse
Viser til tidlegare svar på spørsmål om same sak, seinast 2. april 2001, og utanriksministeren sin klare bekymring for ytterlegare spreiing av atomvåpen og eit nytt atomvåpenkappløp.