Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:391 (2000-2001)
Innlevert: 15.05.2001
Sendt: 15.05.2001
Besvart: 18.05.2001 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden medverka til at Vinterlandbruksskulen i Ryfylke får endra og utvida tilbodet sitt frå hausten 2001?

Begrunnelse

Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, som åtte kommunar i Rogaland eig i lag, har ein søknad av 16. november 2000 til vurdering i departementet. Skulen har med brei støtte førebudd eit opplegg for utdanning innan naturbruk, landbruk og naturforvalting på Tveit i Tysvær. 62 elevar har søkt om plass. Det hastar med ei avklaring, både av omsyn til elevar og lærarar. Skulen har også søkt om ei endring for den ambulerande undervisninga dei i dag organiserer. Dette er eit tilbod om formell kompetanse til vaksne elevar, eit høve til landbruksutdanning mange i regionen har stor glede og nytte av. Av omsyn til planlegginga for komande skuleår, er det ynskjeleg med ei snarleg og positiv avgjerd.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Jeg viser til spørsmål til skriftlig besvarelse fra representanten Magnhild Meltveit Kleppa 14. mai 2001.
Søknaden er i sluttbehandlingen i departementet, og skolene vil få svar innen kort tid.