May Britt Vihovde (V): I St. prp. 62 (1999-2000) vart inntektssystemet for kommunane endra, mellom anna busetjingskriterier, som er tal på busetnad og reisetid. Sveio kommune fekk då redusert overføringane med 5 mill. kroner. I St. prp. nr. 82 (2000-2001) er varsla reduksjon 10,6 mill. Kommunen har prøvd å koma i dialog med departementet (KDR) om busetnadskriteria, dette har synt seg vanskeleg.
Vil statsråden syta for at datagrunnlaget vert gjort kjent, og at kommunane og departementet kjem i dialog om datagrunnlaget?
Begrunnelse
Sveio kommune er i St. prp. nr. 82 (2000-2001) betegna som låginntektskommune med middels størrelse. Det same gjeld nabokommunen Ølen, som i proposisjonen fekk ei varsla auke på overføringane med 0,5 mill.
Då kommunen i samband med kommuneproposisjonen for 2000 fekk varsla nedgang på over 5 mill. kroner, tok dei straks kontakt med Fylkesmannen i Hordaland og departementet for å få innsyn i datagrunnlaget på busetnad og reisetid frå Statistisk sentralbyrå, for å sjå om dette var korrekt.
KRD opplyste at tala var objektive, og at kommunen skulle få dei etter dei var kvalitetssikre. Dette skjedde ikkje.
30 05 01 kom svar frå departementet på spørsmål om bakgrunnsdata for kriteria, der vart det gjort greie for berekningane, og grunnen til den store reduksjonen for 2001.Sjølve datagrunnlaget frå SSB mangla.
Det er dramatisk for kommunen å få redusert inntektene med 10 pst. Det kan tykkjast merkeleg at ein finn tala når ein skal rekne ut overføringar til kommunen, men ikkje finn dei når kommunen ber om å få sjå dei.