Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:431 (2000-2001)
Innlevert: 31.05.2001
Sendt: 01.06.2001
Besvart: 08.06.2001 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Ungdomar som teiknar opplæringskontrakt (lærekandidatar) får ikkje tilskot til opplæringsplassar. Dette er ungdomar som krev ei stor oppfølging frå bedriftene, men som ikkje vert omfatta av dei tilskotsordningane som gjeld for lærlingeplassar.
Vil statsråden ta initiativ til at dette blir endra slik at også dei som ikkje har fagbrev som endeleg mål kan få opplæring i bedrift?

Begrunnelse

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i rundskriv F-12-01, pkt. 2.6 presisert at ekstraordinært tilskot er eit tilskot som berre skal gjelde for lærlingar som søkjer lærekontrakt og ikkje dei som søkjer opplæringskontrakt, lærekandidatane.
På bakgrunn av eit treårig prosjekt i Møre og Romsdal er det arbeidd målretta med desse to opplæringsordningane. Røynslene er at den største utfordringa er å få denne målgruppa formidla ut i bedrift. Mange bedrifter har nytta seg av tilskottsordningane for å kunne gje ei fullverdig opplæring. Dei fleste som teiknar opplæringskontrakt treng ekstra oppfølging og tilrettelegging, det er som regel noko som gjer at dei ikkje kan nå full kompetanse.
Vi må heller ikkje gløyme at lærekandidatordninga er heilt ny, bedriftene har ikkje opparbeidd seg kompetanse med å drive opplæring av denne gruppa, og tilskotet vil ikkje dekkje opp kostnadane bedrifta vil få når det gjeld oppfølging og tilrettelegging. Dersom departementet ikkje endrar rundskriv F-12-01 og gir bedrifter som teiknar ein opplæringskontrakt mulegheit til å søkje om ekstraordinært tilskot som for lærlingar, vil ein få store problem med formidling av lærekandidatar til bedrift. Det er i dag 36 søkjarar til opplæringskontrakt berre i Møre og Romsdal og alle desse vil ha behov for ekstra tilrettelegging og oppfølging i bedrifta.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Lærekandidatar utløyser i hovudsak tilskott til lærebedrifter på lik linje med ordinære lærlingar.

Derimot gjeld ikkje ordninga med ekstraordinært tilskott til lærlingar med særskilt behov lærekandidatane. Grunnen til dette er at lærekandidatar ifølgje opplæringslova sin § 4-2, 4. ledd har rett til spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova på lik linje med elevar innan vidaregåande skule. Utgifter til oppfylling av retten skal, etter opplæringslova sin § 13-3, dekkjast av fylkeskommunane på same måte som for elevar i den vidaregåande skulen.

Lærlingar har derimot ikkje lovfesta rett til spesialundervisning. Staten gir difor eit eige tilskott for desse, jfr. rundskriv F-12-01 pkt. 2.6.