Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:475 (2000-2001)
Innlevert: 15.06.2001
Sendt: 18.06.2001
Besvart: 02.07.2001 av finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det å mista eit barn i slutten av eit svangerskap er ei oppleving der mange naturleg nok slit med fylgjene i årevis. Ny gravferdslov har gitt fleire ei grav å gå til.
Vil finansministeren ta initiativ til ei endring slik at barnet kan registrerast med namn også i folkeregisteret, ikkje berre på gravstøtta?

Begrunnelse

Ny gravferdlov gir dødfødde ein tydelegare rett til ei eiga grav. Det vert stadig vanlegare å gravleggja dødfødde. "Alle" gir i dag namn til sitt dødfødde barn. I samtale med foreldre som har vore gjennom ei slik hending er eg gjort merksam på inkonsekvensen mellom gravferdslova og lov om folkeregister.
Eg er fortalt at folkeregisteret i dag ikkje kan føra inn namn på personar utan personnummer. Det kan løysast ved at folkeregisteret set av nødvendige tal nummerseriar reservert for dødfødde. Eg vil be finansministeren medverka til å gi sorga rom ved å føreslå nødvendige endringar i lovverket. Eg ber også om at faren vert ført inn i folkeregisteret, ikkje berre mora, samt tilbakeverkande kraft for dei tilfelle der einskilde foreldre ynskjer tidlegare dødfødde barn registrerte.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (A)

Svar

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen: Eg forstår at foreldre som råkast av den tragedie det må vera å få eit dødfødt barn kan føle behov for at barnets namn blir offentleg registrert. Departementet vil derfor ta kontakt med Skattedirektoratet for å få greidd ut om det er vesentlege administrative eller praktiske innvendingar mot å tilby ei slik registrering. I respekt for at ikkje alle foreldre som opplever å få eit dødfødt barn ønskjer ei slik registrering, må dette i tilfelle bli eit tilbod til dei som positivt krev slik registrering.