Petter Løvik (H): Ørsta/Volda lufthamn, Hovden, spelar ei heilt sentral rolle i kommunikasjonane til og frå Søre Sunnmøre. Med nye vegsamband som er planlagde, Kvivsvegen og Eiksundsambandet, vil flyplassen få endå større betydning. Likevel har det i media vore oppslag om at flyplassen står på ei liste over flyplassar som kan bli nedlagde.
Kva er statsråden sitt syn på dette, og kan det verkeleg vere aktuelt å legge ned ein flyplass som har så stor betydning og som har svært store utviklingsmulegheiter?
Begrunnelse
Ørsta/Volda lufthamn, Hovden, har tent nærområdet på ein god måte i tretti år. Trass i at rutetilbodet har vore i minste lag og kapasiteten for dårleg, er det om lag 30 000 passasjerar som årleg reiser via flyplassen.
Det arbeidet som nå er i gang med strukturanalyser og truslar om nedlegging, har skapt stor uro i distriktet. Ei av grunngjevingane for analysene har vore å sjå på flyplassar der dagens transportavstand er betydeleg endra sidan opninga. I ein strukturbeskrivelse frå Transportøkonomisk Institutt (TR/1022/01) heiter det m.a. at "En analyse av sammenhengen mellom det geografiske og funksjonelle kraftfeltet vil derfor måtte stå helt sentralt i en saneringsdiskusjon." I rapporten vert det hevda at "Den underliggande trafikkstatistikken viser at Vigras andel av totaltrafikken skapt i Hovdens geografiske kraftfelt er ca 85 pst." Same rapporten definerer det basisgeografiske kraftfeltet til å omfatte Ørsta, Volda, Ulstein, Herøy og Sande kommunar, og deler av Vanylven. Vidare heiter det at "Bare en mindre del av hva Hovdens geografiske kraftfelt genererer av flytrafikk, gir seg utslag i Hovdens trafikktall."
Slik kan det gå når ein brukar tal og prosentrekning utan å ha kunnskap om lokale forhold. Ingen som er kjende i området vil hevde at det er naturleg for folk frå Herøy, Ulstein og Sande å bruke flyplassen i dag. Med Eiksundsambandet på plass og eit betre rutetilbod vil Hovden derimot vere eit godt alternativ for folk frå desse kommunane. Det same gjeld folk frå deler av indre Nordfjord når Kvivsvegen står ferdig.
Det verkar svært merkeleg å bruke trafikk i dag sett opp mot eit potensial som vil vere der i framtida som argument for at flyplassen blir lite nytta. Det er også merkeleg når TØI-rapporten antyder at Eiksund-sambandet vil kunne svekke Hovden! I rapporten heiter det at "Sett framover er spørsmålet om et Eiksundsamband vil bidra til at f.eks. Herøy og Ulstein, som er geografisk nærmere Hovden, i enda større grad blir funksjonelt nærmere Vigra." Eg må innrømme at dette er ei tankerekke som det er vanskeleg å forstå. Det får meg til å tvile på om TØI har sett seg inn i kva og kvar Eiksundsambandet skal vere.
Eg fryktar at slike, svært mangelfulle, analyser vil følgje saka vidare. Det er difor viktig at statsråden no gjer greie for saka. I tillegg til å vere viktig for næringsliv og privatpersonar, er flyplassen svært viktig for sjukehuset i Volda. Dette er også moment som vi ventar det blir teke omsyn til.