Leif Helge Kongshaug (V): Vil statsråden sørge for konkurransevilkår som gjer det mogeleg med ein reell konkurranse om levering av kraftfôr til bøndene på Nordvestlandet?
Begrunnelse
Etter Felleskjøpet sitt oppkjøp av Stormøllen er det i ferd med å bli monopol på levering av kraftfôr på heile Nordvestlandet.
Staten betalar eit betydeleg frakttilskot for transport av korn på Austlandet inn til produksjonsanlegg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal (mellomfrakttilskot), men ingenting i frakttilskot til andre produsentar av kraftfòr som i dag har ein marknad på Nordvestlandet, eksempelvis Ottadalen Mølle i Lom.
Det vil vere svært positivt for gardbrukarane på Nordvestlandet at det er reell konkurranse på mest mogeleg like vilkår om leveransar av kraftfõr. Slik dagens system fungerer, er ikkje desse vilkåra til stades.
Det er nedfelt i forskriftene til mellomfraktordninga at korn som blir frakta frå overskotsområda til anlegg i underskotsområda skal ha mellomfrakttilskot anten frakta foregår med båt rundt kysten eller direkte landevegs. Dersom bedrifter kan få utbetalt same mellomfrakttilskot for kornet nytta i kraftfôr levert på Nordvestlandet som det kostar staten å frakte korn til produksjonsanlegga i desse områda, vil andre bedrifter kunne konkurrere på like vilkår med Felleskjøpet. Ein slik dispensasjon frå forskriftene kan gis av departementet
Dette vil gi konkurransevilkår som gjer det mogeleg å få ein reell konkurranse mellom ulike produsentar, noko som vil tene bøndene sine interesser og betre økonomien i Vestlandsjordbruket.