Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kva er grunngjevinga for at helseministeren finn å kunna godta reduksjon i drifta ved Radiumhospitalet inneverande år?
Begrunnelse
Eg viser til at det no er kjent at Radiumhospitalet har skissert eit større meirbehov for midlar enn det Regjeringa føreslo og fekk vedteke i Stortinget i samband med RNB. Eg viser også til det breie engasjementet som er i Stortinget for ei styrka kreftomsorg og den oppdatering av situasjonen som Stortinget til ei kvar tid skal ha som grunnlag for sine vedtak.