Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil sosialministeren revurdere satsane for sosialhjelp ved å halde barnetrygda utanfor foreldra sitt inntektsgrunnlag og basere retningslinene på SIFO sine satsar for nødvendig livsopphald?
Begrunnelse
Etter det som står i Dagsavisen 18.09.01, har lovavdelinga i Justisdepartementet laga ei juridisk vurdering av om det er grunnlag for å behandle barnetrygd og kontantstøtte forskjellig i forhold til påleggstrekk for skattegjeld. Lovavdelinga meiner at barnetrygda ikkje skal brukast til å betale skattegjeld fordi barnetrygda er barnets pengar, heiter det i nemnde oppslag.
Med bakgrunn i lovavdelinga si tolking, vil eg tru at det ikkje er grunnlag for å rekne barnetrygda som foreldra si inntekt. Det må innebere at barnetrygda skal haldast utanfor utrekninga av sosialhjelp. Senterpartiet har tidlegare sagt seg usamd med statsråden sitt forslag til nivå for sosialhjelp og meiner lovavdelinga si vurdering gir enda ein grunn for å be om endring.
Barnetrygda har heilt frå 1946 vore basert på at alle barnefamiliar, uavhengig av inntekt, skal motta barnetrygd. Barnetrygda skal ikkje vere ei omfordeling til familiar med låg inntekt, men vere ei omfordeling mellom familiar med og uten forsørgde barn. Når barnetrygda vert rekna som inntekt før det kan søkjast sosialhjelp, kan det hevdast at det medfører at dei økonomisk sett aller svakaste familiene i samfunnet, nemleg dei som har sosialhjelp som einaste inntekt, i realiteten ikkje mottar barnetrygd. I praksis må barna av langtids sosialhjelpsmottakarar brødfø foreldra for barnetrygda, før foreldra får matpengar i form av livsopphald. Rett nok er det eit barnetillegg til sosialhjelpa, men barnetillegget for dei minste barna, er berre litt større enn barnetrygda. Eg vonar statsråden vil syte for at også barnefamiliar som er langtids sosialhjelpsmottakarar får stønad til mat for barna sine ved at dei har same sum til rådvelde for sine barn, som alle som mottar barnetrygd elles får i samfunnet vår, uavhengig av inntekta si.