Skriftlig spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:551 (2000-2001)
Innlevert: 26.09.2001
Sendt: 26.09.2001
Besvart: 03.10.2001 av nærings- og handelsminister Grete Knudsen

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Kan statsråden medverka til at SND gjev like rammevilkår til produksjon i Norge som til produksjon i lavkostland?

Begrunnelse

Janusfabrikken AS er ein av dei få større tekobedrifter som framleis er i drift i Norge. Janus slit i konkurranse med produksjonsbedrifter som er flytta til lavkostland. DN av 11. desember 2000 viser til Troll Balti, ein tekoproduksjon som med midlar styrt gjennom SND konkurrerer ut Janusfabrikken AS. Tekoindustrien som er att i Norge treng ikkje støttetiltak. Men det er viktig at dei får samme rammevilkår som dei dei konkurrerer med. Dei tillitsvalde viser til at hadde bedriften flytta produksjonen til eit lavkostland, ville bedriften fått økonomisk tilskot, medan drifta i Bergen ikkje har rett på tilskot.

Grete Knudsen (A)

Svar

Grete Knudsen: Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) si verksemd er primært retta mot utbygging og nyetablering av norsk næringsverksemd i Noreg. Med unntak av eigne fond som rettar seg mot Nordvest-Russland og Sentral- og Aust-Europa kan SND sine verkemiddel ikkje nyttast i utlandet. Det ligg ikkje noe tilskotselement i fonda som nyttast utanlands. Retningslinene for ordningane er i store trekk samanfallande med retningslinene for SND Invest A/S, som gjer investeringar i Noreg.
Investeringsfondet for Aust-Europa blei oppretta gjennom Stortinget sitt vedtak av St.prp. nr. 1 (1996-97) Utanriksdepartementet. Som mål for skipinga av fondet heiter det i retningslinene mellom anna at fondet har som føremål å fremje næringssamarbeid mellom Noreg og landa i Aust- og Sentral-Europa. Verksemda skal vere innanfor rammene av dei til ei kvar tid gjeldande hovudlinene for samarbeid mellom Noreg og landa i regionen. Det er ein føresetnad at verksemda skal drivast på forretningsmessig grunnlag. Om avkastninga til investeringar og om utbytte til staten står følgjande i retningslinene:
"Statens innskudd er på 120 mill. kroner. Ved investeringer skal fondet legge til grunn et gjennomsnittlig, langsiktig avkastningskrav minst lik gjennomsnittlig rente de siste tolv måneder på statsobligasjoner med gjenstående løpetid på fem år addert med en risikopremie som skal ta hensyn til usikkerheten knyttet til fondets investeringer.
Av innskuddet på 120 mill. kroner skal det betales utbytte til staten etter det 11. året regnet fra opprettelsesåret. Utbyttet som skal betales skal utgjøre 75 pst. av årsresultatet, begrenset oppad til innskutt kapital, multiplisert med statens gjennomsnittlige innlånsrente slik den er definert i første ledd."
Investeringsfonda er inne på eigarsida i verksemdene og skal investere i aksjekapital og tilby ansvarlege lån til prosjekt der norske verksemder har eit samarbeid med ei utanlandsk verksemd. Desse investeringane vert gjort på eit forretningsmessig grunnlag, staten skal ha utbytte av investeringane og dei skal fremje næringssamarbeidet mellom Noreg og Aust-Europa samt fremje utvikling i desse landa.
Gjennom Investeringsfondet for Aust-Europa har SND investert i alt 1,03 mill. kroner i Troll Balti. Dette gir SND ein eigardel på 40 pst. i verksemda. SND si investering er gjort på eit reint kommersielt grunnlag. Det er ikkje gitt tilskot til investeringa og til drifta av verksemda i Estland.