Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden ta initiativ til å endra lovverket slik at personar som oppheld seg i Noreg i påvente av handsaming av søknad om familiesameining og som har eit arbeid å gå til, får mellombels arbeidsløyve?
Vedlegg til spørsmål:
2 artikler i Stavanger Aftenblad 29. september 2001. Artiklene er skrevet av Ingeborg Eliassen og Bjarne bekkeheien Aase.
Begrunnelse
Eg viser til vedlagde artikkel frå Stavanger Aftenblad av 29. september der vi finn nok eit døme på kor viktig det er redusera sakshandsamingstida for familiesameiningssaker. Samstundes ser vi her eit døme på det paradokset at ein arbeidsfør person som har eit arbeid å gå til opplever at Regjering og Storting føretek lempingar i regelverket i arbeidsinnvandring medan han ikkje får høve til å medverka til underhald av familien. Eg ber statsråden sjå nærare på om eit mellombels opphaldsløyve i slik samangang t.d. kunne utførast i samråd med aktuell arbeidsgjevar.