Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:15 (2001-2002)
Innlevert: 02.11.2001
Sendt: 02.11.2001
Besvart: 09.11.2001 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Kurdiske asylsøkjarar misser retten til å arbeide som følgje av eit vedtak i UDI. Dei kurdiske asylsøkjarane kan ikkje sendast tilbake til Kurdistan, då Noreg ikkje har utleveringsavtale med dette landet eller omkringliggjande land. Konsekvensen er då at desse må gå til sosialkontoret for å få hjelp til livsopphald, i staden for å fortsatt kunne fortsetje å arbeide.
Kva vil kommunal- og regionalministeren gjere for at dei kurdiske flyktningane kan fortsetje i arbeid?

Begrunnelse

Kurdiske asylsøkjarar misser retten til å arbeide, men kan ikkje sendast ut av landet på grunn av manglande avtalar med Kurdistan og omkringliggjande land. Noreg har samstundes stor mangel på arbeidskraft, og m.a. Kleven Førde er fortvila over å misse ein av sine sårt tiltrengte arbeidarar. I ei tid med mangel på arbeidskraft, sender vedtak i UDI fullt arbeidsføre folk med fast arbeid over på sosialhjelp.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Først vil eg presisere at eg går ut frå at representanten Røys refererer til kurdarar frå Nord-Irak.

Utlendingsdirektoratet (UDI) avgjorde 7. mai 2001 at asylsøkjarar frå Nord-Irak, som etter ei individuell vurdering ikkje har behov for vern, skulle få avslag på søknad om vidare opphald i Noreg. Denne avgjerda omfatta både dei om lag 2 000 irakarane med mellombels opphaldsløyve, og nye asylsøkjarar med tilsvarande bakgrunn. I løpet av det siste året har UDI fått opplysningar om at irakarar med opphald i Noreg har ei stor reiseverksemd inn og ut av Irak. Dette fortel at frivillig heimreise er mulig. Irakarar som får avslag etter søknad om asyl må reise heim. Norske styresmakter kan om nødvendig legge praktisk til rette for heimreise.

Eit sentralt formål med UDI si avgjerd var å hindre misbruk av asylinstituttet. Dersom store grupper asylsøkjarar utan behov for vern likevel får opphaldsløyve fordi tvangsmessig retur ikkje er praktisk mulig, vil dette undergrave asylinstituttet.

Asylsøkarar frå Nord-Irak med mellombels opphaldsløyve kan, på lik linje med andre asylsøkarar, fortsette å arbeide inntil dei eventuelt får endeleg avslag på søknaden om asyl i Utlendingsnemnda. Sjølv om dei får avslag i nemnda, kan dei søke om å få mellombels arbeidsløyve i påvente av retur til heimlandet. Denne søknaden vil bli behandla i samsvar med gjeldande reglar og praksis. Det vil bli lagt avgjerande vekt på om det er gitt gale eller motstridande opplysningar om identitet.