Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden ta initiativ til å endra lovverket slik at personar som oppheld seg i Noreg i påvente av handsaming av søknad om familiesameining og som har eit arbeid å gå til, får mellombels arbeidsløyve?
Begrunnelse
Eg viser til statsråden sitt engasjement for auka arbeidsinnvandring og til hennar utsegn om lempingar i lovverket også for ufaglærte. Eg ser det viktig at arbeidsføre folk som alt er i landet og som har ein arbeidsgjevar som gjerne vil ha dei i arbeid, får høve til å medverka til underhald av familien sin.