Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kirke- og kulturministeren

Dokument nr. 15:18 (2001-2002)
Innlevert: 02.11.2001
Sendt: 05.11.2001
Besvart: 16.11.2001 av kirke- og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden syte for at det vert ei overgangsordning mellom nye og "gamle" retningslinjer i samband med avvikling av graderte stønadssatsar til idrettsanlegg i spelemiddelordninga?

Begrunnelse

I samband med St.meld. nr. 14 (1999-2000) Idrettslivet i endring, vart det gjort vedtak om endring i retningslinjene for tildeling av spelemidlar. Finnøy kommune er ein av fleire distriktskommunar som blir ramma av denne endringa. Rogaland fylkeskommune og departementet har i samarbeid gitt Finnøy teknisk godkjenning for fleirbrukshall med ei forventa støtte frå spelemidlar på 6 mill. kroner. Endra reglar kan no innebere ein reduksjon i støtta på 1,1 mill. kroner, noko som har sett både kommunen og styret i A/L Finnøy Fleirbrukshall i ein uføresett vanskeleg situasjon. Eg er kjend med at fylkesordføraren i Rogaland har oppmoda departementet om at prosjekt som er godkjende etter gammal ordning vert handsama, slik at endra retningslinjer ikkje har tilbakeverkande kraft. Eg ber statsråden ta nødvendige initiativ for å sikra økonomisk tryggleik i avslutninga av ein lang planleggingsprosess.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: 1/3 av overskottet frå Norsk Tipping AS går til idrettsformål, og av det blei det avsett kr 351 800 000 til idrettsanlegg i kommunane i 2001. Tilskottsordninga blir meldt kommunane ved rundskriv.
Rundskrivet blir følgd opp med utsending av ei rekkje informasjonsbrosjyrar, søknadsskjema og "Forskrifter og bestemmelser om tilskott av spillemidlene til anlegg for idrett og friluftsliv". I "Forskrifter og bestemmelser" blir det gjort greie for dei detaljreglar som gjeld ved kommande tildelingsrunde. Desse blir revidert årleg.
For tildeling i 2002 er det m.a. gjort endringar i dei graderte stønadssatsane. Ved handsaminga av St. meld. nr. 14 (1999-2000) Idrettslivet i endring, som blei fremja av regjeringa Bondevik 10. desember 1999, blei det gitt brei tilslutnad til endring for utrekning av graderte satsar. I tråd med meldinga og handsaminga, er regelverket for tildeling av spelemidlar justert ved utlysinga av midlane i juni (tildeling 2002). I meldinga står det: "Kriteriet for graderte stønadssatser har vært basert på rammeoverføringer per innbygger. Kriteriet har bare til en viss grad klart å fange opp de forskjeller en opprinnelig ønsket å ta hensyn til. Dette skyldes at rammeoverføringer per innbygger ikke er et godt nok uttrykk for kommunenes økonomiske bæreevne. Ifølge Kommunal- og regionaldepartementet gir kommunenes frie inntekter korrigert for variasjon i utgiftsbehovet et langt bedre bilde av kommunenes økonomiske bæreevne (Rapport fra det tekniske beregningsutvalget for kommunal og fylkeskommunal økonomi, juni 1999).
Departementet vil bruke dette grunnlaget for tildeling av graderte stønadssatser. De nye graderte stønadssatsene foreslås i hovedsak fordelt med utgangspunkt i følgende prinsipp: Det vil gis et tilskudd på 10 prosent utover det ordinære tilskudd fra spillemidlene til kommuner med svak økonomi. Dette vil si kommuner som har en korrigert inntekt som ligger mer enn 10 prosent under landsgjennomsnittet. Oppdatering av hvilke kommuner ordningen omfatter skal skje hvert år."
Ved justering av ordninga med graderte stønadssatsar har ein frigjort midlar som har gjort det mogeleg å auke tilskottssatsane til anlegg med stort brukarpotensial, som t.d. mindre fleirbrukshallar og kunstgrasbanar. Dette vil også komme søkjarar frå Rogaland til gode, særleg når det gjeld anlegg for sentrale målgrupper som barn og ungdom.
Det er ei vanleg misforståing at når ein søknad om spelemidlar er gitt teknisk førehandsgodkjenning, har ein fått lovnad om spelemidlar og kan berre "stille seg i køen", men systemet er at ei slik godkjenning er eit krav for i det heile å kunne søke om tildeling av spelemidlar. Ein finansieringsplan som syner at prosjektet kan fullfinansierast er ein del av dette kravet.
Den politiske vurderinga av om søknaden skal gjevast prioritet i høve til andre søknader, kjem i etterhand. Staten har delegert fullmakt til å utøve dette skjønnet til fylkeskommunane, som står fritt i si vurdering. Dersom fylkeskommunen ikkje finn å ville eller kunne prioritere ein søknad høgt nok innanfor dei rammene som blir tildelt, må søknaden fornyast, og søkjaren må forhalde seg til dei aktuelle reglane som gjeld ved ny søknadsrunde. Dei som har fått fyrste gongs tildeling vil bli følgd opp ut frå dei gamle reglane.
Søknaden frå Finnøy om tilskot av spelemidlane i 2001 til idrettshall blei ikkje prioritert av Rogaland fylkeskommune. Søknaden kan fremjast på nytt til fordelinga i 2002, men då ut frå dei reglane som no gjeld.
Eg er klar over at dei endringar i tildelingskriterier som no er gjort, blir opplevd som skuffande for fleire søkjarar som har "stått i kø" og venta på spelemidlar til sine prosjekt. Eg finn likevel at det har vore rett å gjennomføre ei slik endring, ut frå ynskje om flest mogleg anlegg av dei anleggstypane det er mest bruk for, og som er viktigast for barn og ungdom, samstundes som kriteria gir ei meir rettferdig fordeling kommunane i mellom på landsbasis enn den gamle modellen.