Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:26 (2001-2002)
Innlevert: 12.11.2001
Sendt: 12.11.2001
Besvart: 16.11.2001 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Norsk møbelindustri har hatt ein gradvis negativ utviklingstrend dei siste åra. Dei fleste møbelbedrifter har behov for omfattande omstilling som gir inntening og auka konkurransekraft.
Vil nærings- og handelsministeren bidra til egne omstillingstiltak i møbel- og trevareindustrien?

Begrunnelse

Arbeidsintensiv industri i Noreg har gjennom dei siste 10-15 år vore under eit stadig press frå lågkostland der produksjonskostnadene er mykje lågare. Til dømes er konfeksjonsindustrien éin av fleire bransjar som har flytta mykje av produksjonen ut av landet. Norsk møbelindustri har stått og står fram for mange av dei samme utfordringane. Nedbemanning eller flytting av produksjon ut av landet er ei sentral problemstilling for mange.
Rekneskapstal for bransjen (eksklusive Ekornes ASA) henta frå Brønnøysundregisteret for perioden 1997-2000 viser totalt sett ei negativ utvikling. Driftsresultatet i prosent av omsetninga har gått ned frå 7 prosent i 1997 til 3 prosent i 2000. Totalkapitalrentabiliteten frå 25 pst. til 7 pst.. Tala for Møre og Romsdal viser tilsvarande utvikling, men situasjonen her synest enda meir kritisk gjennom svakare driftsresultat og eigenkapital. Den økonomiske evna til å gjennomføre naudsynte omstillingstiltak er ein kritisk faktor. Møre og Romsdal står i ei særstilling på landsplan når det gjeld møbelproduksjon. Fylket har vel halvparten av volumet, både målt i antall sysselsette og brutto produksjonsverdi.
Det er dokumentert gjennom fleire forskingsprosjekt verdien av klyngeeffekt innan den enkelte næring. Når det gjeld møbelindustrien i Møre og Romsdal er det nettopp det tette nettverket mellom aktørane i verdikjeda som har vore trekt fram som ein viktig faktor for kvifor denne næringa har fått ei så sterk posisjon i dette fylket.
Erfaringar frå "Verftspakken", som vart initiert og løyvd over statsbudsjettet 2000, viste at den hadde ei klar utløysande effekt for at fleire viktige omstillingstiltak vart sett i gang.
Det er grunn til å tru at ein tiltakspakke tilpassa møbel- og trevareindustrien sine behov for utvikling kan få ein god effekt.
Eventuelle midlar bør kunne nyttast i heile landet.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Møbel- og trevareindustrien har utvikla seg frå typiske handverksprega verksemder til å verta ein moderne industri. Tradisjonelt har denne ferdigvareindustrien orientert seg mot heimemarknaden, men dei seinare åra har vi fått ein vesentleg eksport av merkevarer frå norsk møbelindustri. Det har vore ein stor eksportvekst dei siste 10 åra. Eksportdelen i 2000 var 30 pst. Sverige og Tyskland er dei største eksportmarknadene. Mellom 15 og 20 produsentar eksporterer til desse landa. Norske produsentar møter sterk priskonkurranse i den europeiske marknaden. Dette er truleg ein av årsakene til den negative utviklinga som har vore i lønnsemda i bransjen.

Samarbeidsregjeringa vil sette ned det samla skatte- og avgiftsnivået i Noreg. Den tek sikte på å gjennomføre skatte- og avgiftslette på til saman om lag 25 mrd. kr i løpet av stortingsperioden 2001 - 2005. I tillegg vil den også følgje opp vedtaket om å fjerne investeringsavgifta. Samarbeidsregjeringa vil vidare leggje stor vekt på det langsiktige i den økonomiske politikken. Den vil arbeide for betre og meir stabile rammevilkår for all næringsverksemd. Alle delene av den økonomiske politikken må verke saman for å sikre måla om høg, stabil og berekraftig økonomisk vekst.

Samarbeidsregjeringa meiner at Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) skal legge til rette for eit lønnsamt næringsliv i heile landet. Den legg vekt på at idé-, utviklings- og kommersialiseringsfasane er dei vanskelegaste fasane i utviklinga til ei verksemd. SND bør difor konsentrere sine verkemiddel til desse fasane. Samarbeidsregjeringa meiner at verksemda i SND må vere retta mot område der marknaden og private tilbod ikkje fungerer tilfredsstillande.

Samla sett meiner Regjeringa at ein langsiktig og god generell næringspolitikk vil auke konkurransekrafta til norsk næringsliv, og dermed også bidra til å styrke møbelindustrien.

Eg vil understreke at eg følgjer den vidare utviklinga i norsk møbelbransje nøye. Eg har bedt kommunal- og regionalministeren vurdere om det er nokon av verkemidla til Kommunal- og regionaldepartementet som kan vere aktuelle å bruke.